Hovedsiden

Liten annonse







    Skotheim tilbake etter skade – sette ny personleg rekord

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 23. august 2025 KL:16.51)
    sander skotheim sette ny personleg rekord i fyrste konkurranse etter kneskaden han pådrog seg under bislett games i juni. – toppforma startar definitivt å nærme seg, seier sander skotheim etter å ha tatt ny rekord i spydkast. han kasta 62.39 meter under noregsleikane på jessheim, laurdag. den førre rekorden var på 62.11 meter. – eg er glad for personleg rekord. så blei eg ivrig etter det. då blir det kortare, eg er ikkje tolmodig nok. det blir to kast over 60 meter, eg er fornøgd med det, seier skotheim til nrk. skotheim var verdas beste tikjempar før skaden, men merkar no at forma er i betring. målet i vm i tokyo er framleis ein gullmedalje. – no er eg i ein periode der eg føler eg blir betre for kvar dag som går, legg han til.

    patrick thoresen får rolle i noregs ishockeyforbund

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. august 2025 KL:12.03)
    det er berre nokre dagar sidan patrick thoresen la skøytene på hylla. no er han klar for ein ny rolle i noregs ishockeyforbund. han skal vere sportsleg ansvarleg for a-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag. kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år. – me håpar at han kan bli forlenga, men der patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær petter salsten. – det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier thoresen. thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak. – eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier thoresen. 41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. då var han ein del av djurgården i den svenske toppdivisjonen. han har også spelt for fleire storklubbar som philadelphia flyers (nhl), edmonton oilers (nhl) og ska st. petersburg (khl). hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i ol og vm for noreg. (nrk/ntb)

    Nypan klar for Middlesbrough

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. august 2025 KL:11.01)
    sverre nypan (18) blir lånt ut til middlesbrough, det bekreftar klubben på sine nettsider. nypan blei i sommar seld frå rosenborg til manchester city. det blei tidleg klart at han skulle bli lånt bort. med riverside stadium i middlesbrough som hans nye heimebane, er nypan klar for nivå to i engelsk fotball. nypan møtte middlesbrough-fansen for fyrste gong på måndag, der han mellom anna skreiv autografar under den årlege opne treningsøkta til klubben. nypan slo gjennom for rosenborg i 2024 med åtte mål og sju målgjevande pasningar på 28 kampar. han har sidan vore ein viktig brikke for laget. sidan blei nypan seld til city, noko trønderane meldte som noregs største sal nokon gong. klubben gjekk ikkje ut med salssummen.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »