Sport

    Olise herja med hattrick – Frankrike vann VM-generalprøve
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (mandag 8. juni 2026 KL:23.03)
    Michael Olise kom med eit skremmeskot før han i slutten av juni blir Noreg-motstandar i VM. Bayern München-stjerna skåra hattrick då Frankrike vann 3-1 over Nord-Irland i generalprøven før VM. Treningskampen, som blei spelt i den franke byen Lille, starta trått for begge lag, men på slutten av første omgang tok Noregs VM-motstandar leiinga. Ousmane Dembélé skaut mot mål, men blei blokkert. På returen tok Michael Olise ballen og skåra for Frankrike. I starten av andre omgang skåra same mann for Frankrike. 64 minutt var spelt då Nord-Irland tente håpet. Patrick Kelly skåra sitt første mål for Nord-Irland. Dryge ti minutt etter viste Olise at han er i målform. Frå hjørnet av sekstenmeteren skaut han ballen inn i motsett hjørne. Kampen enda 3-1 til Frankrike. Det er berre nokre dagar sidan Frankrike gjekk på eit sjokktap mot Elfenbeinskysten. Frankrike er i gruppe I, som er same gruppe som Noreg. Laga møtest 26. juni.

Ord sky bassert på artikkel: 1098065
hattrick - Frankrike - generalprøve - Michael - skremmeskot - slutten - motstandar - München - stjerna - generalprøven - Treningskampen - leiinga - Ousmane - Dembélé - blokkert - returen - starten - Patrick - målform - hjørnet - sekstenmeteren - motsett - sjokktap - Elfenbeinskysten -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »