Sport

    Glapp på oppløpet – bronse til Noreg etter dramatiske sluttminutt
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Idag. - (lørdag 11. juli 2026 KL:16.43)
    Dei norske orienteringsløparane enda opp med bronse på laurdagens sprintstafett i VM. Det norske laget sikra den siste pallplassen etter at ankerkvinne Pia Young Vik måtte sjå seg slått av både Sveits og Sverige heilt på tampen av løpet. Noreg var med i teten heilt frå start då Victoria Hæstad Bjørnstad sprang inn til ein god tredjeplass på den første etappen. På den andre etappen sprang Eirik Langedal Breivik litt feil i starten, men han henta inn att det tapte med eit sterkt løp og sende Noreg opp i leiinga. Kasper Harlem Fosser heldt fram i eit høgt tempo på den tredje etappen og gav Pia Young Vik eit kjempegodt utgangspunkt. Vik leia lenge den siste etappen, men heilt på slutten kom både Sveits og Sverige forbi. Medaljen kom på den aller siste dagen av VM i Genova.

Ord sky bassert på artikkel: 1107272
oppløpet - dramatiske - sluttminutt - orienteringsløparane - laurdagens - sprintstafett - pallplassen - ankerkvinne - Sverige - Victoria - Bjørnstad - tredjeplass - etappen - Langedal - Breivik - starten - leiinga - kjempegodt - utgangspunkt - slutten - Medaljen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »