Sport

    Norsk VM-gull i parabordtennis: – Ein surrealistiske følelse
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, November 19, 2026 KL:07:13)
    Norske Krizander Magnussen (20) vann sin første VM-tittel i sitt første forsøk, under meisterskapet i parabordtennis i Pattaya, Thailand. – Det er ein surrealistiske følelse, eg skjønnar ikkje at det er sant, sa han til NRK etter sigeren. I finalen møtte han sterk motstand i afrikameister Sayed Youssef. Og det vart ein tøff start for 20-åringen som låg under 2–0 tidleg mot egyptaren. Men så vann han tre sett på rappen og stakk av med sigeren, 3–2. – No skal vi nyte siste dagen og feire med laget, sa han vidare. Krizander Magnussen konkurrerer i klasse sju, som er ståande spelarar med nedsett funksjon i bein og armar. Før meisterskapet hadde han eit håp om medalje, men at det skulle gå heile vegen i hans første VM, var ikkje venta. No gler han seg til dei neste dagane. – Eg skal komme meg først og fremst heim og spele GTA VI.

Ord sky bassert på artikkel: 1130210
parabordtennis - surrealistiske - følelse - Krizander - Magnussen - meisterskapet - Pattaya - Thailand - skjønnar - sigeren - finalen - motstand - afrikameister - Youssef - åringen - egyptaren - konkurrerer - ståande - spelarar - nedsett - funksjon - medalje -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »