Sport

    Vanskeleg runde for Hovland
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, January 21, 2022 KL:09:29)
    Viktor Hovland gjekk andrerunden i europeatour-turneringa i Abu Dhabi to slag over par, og greidde dermed ikkje å følgje opp den sterke opningsrunden torsdag. Likevel låg Hovland på andreplass då han var ferdig med fredagsrunden, med seks slag under par. Det er tre bak leiande Scott Jamieson, men han er blant dei mange som enno ikkje er i gang med dagens runde. Hovland fekk bogey på sitt andre hol, følgde opp med ein birdie, så kom ny bogey. På resten av runden fekk han ein bogey, resten var på par. Espen Kofstad låg på par før dagens runde. Men han låg tre slag over par halvveges. Han er enno ikkje ferdig, men ligg an til å ikkje greie kutten, og får i så fall ikkje vere med i avslutta laurdag og søndag.

Ord sky bassert på artikkel: 709288
Vanskeleg - Hovland - andrerunden - europeatour - turneringa - greidde - opningsrunden - torsdag - Likevel - andreplass - fredagsrunden - leiande - Jamieson - Kofstad - halvveges - avslutta - laurdag -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »