Sport

    Stenson sparka som Ryder Cup-kaptein
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 20, 2022 KL:13:54)
    Henrik Stenson mister vervet som kaptein for Ryder Cup, på grunn av spekulasjonanen om at han skal vere på veg til den omstridde saudiarabiske LIV-serien, melder Ryder Cup Europa. Overgangen er ikkje offielt stadfesta enno, men rykta er så hardnakka at den europeiske Ryder Cup-komiteen har avsett den 46 år gamle svensken. Ryder Cup er ein lagkonkurranse mellom Europa og USA, og eit høgdepunkt for dei beste golfarane. Stenson fekk kapteinsoppdraget i mars, og skulle setje saman laget som møter USA i Italia neste år. Men menge media rapporterer at han allereie er samd med LIV om ein overgang. Den vil stenge han ute frå dei tradisjonelle golfturneringare. LIV lokkar med pengepremiar som er langt større enn det PGA-turneringane kan skilte med. Ifølgje The Telegraph skal Senson har fått 475 millionar kroner berre for å signere for den nye ligaen. Den saudiarabiske LIV-ligaen er kontroversiell fordi han er sett på som sportsvasking i stor stil. Saudi-Arabia er skulad for å ha eit svært dårleg tilhøve til menneskerettane.

Ord sky bassert på artikkel: 757219
Stenson - kaptein - spekulasjonanen - omstridde - saudiarabiske - Overgangen - offielt - stadfesta - hardnakka - europeiske - komiteen - svensken - lagkonkurranse - høgdepunkt - golfarane - kapteinsoppdraget - rapporterer - allereie - overgang - tradisjonelle - golfturneringare - pengepremiar - turneringane - Ifølgje - Telegraph - millionar - signere - kontroversiell - sportsvasking - tilhøve - menneskerettane -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »