Sport

    Norsk basketballspelar utestengast i to år for ulovleg pengespel
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, January 16, 2024 KL:14:26)
    Spelaren som har vore suspendert av Norges Idrettsforbund sitt domsutval sidan hausten 2022 har no fått ein endeleg dom. Det bekreftar Norges Basketballforbund på si heimeside. Spelaren i den norske toppligaen er dømd for brot på NIFs lov om “å delta i pengespel relatert til ein konkurranse der vedkomande deltek”. Spelaren vert utestengd i to år med fråtrekk frå tida vedkomande allereie har vore suspendert. Basketpresident Jan Hendrik Parmann meiner dommen er viktig i deira innsats mot denne typen lysskye aktivitetar. Han kallar ulovleg pengespill og kampfiksing for ein minst like stor trussel mot integriteten til sporten som for til dømes doping. Som aktiv spelar har ein ikkje lov til å drive med pengespel på basketball, noko som gjeld basketball i heile verda. Behandlingstida i saka har teke lang tid. Idretten sine dømmande organ brukte over to år på å kome fram til ein dom i saka.

Ord sky bassert på artikkel: 900083
basketballspelar - utestengast - ulovleg - pengespel - Spelaren - suspendert - Idrettsforbund - domsutval - hausten - endeleg - bekreftar - Basketballforbund - heimeside - toppligaen - relatert - konkurranse - vedkomande - deltek” - utestengd - fråtrekk - allereie - Basketpresident - Hendrik - Parmann - innsats - lysskye - aktivitetar - pengespill - kampfiksing - trussel - integriteten - sporten - Behandlingstida - Idretten - dømmande -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »