Hovedsiden

Liten annonse






    Ingen avtale mellom Lyn og amerikanske investorar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, August 8, 2025 KL:10:29)
    lyn og sporting jax og ubuntu går ikkje vidare i prosessen, melder vg. det bekreftar klubben i eit informasjonsskriv i klubbens aksjonærar. –hovudårsaka til at prosessen ikkje førte fram, handla primært om at me ikkje fann ein samarbeidsmodell i kvardagen som var god nok for begge partar, seier styreleiar i lyn john-arne grøsland. grøsland skriv vidare at sporting jax og ubuntu ynskja å vere ein aktiv og involvert eigar, særleg knytt til utvikling og utveksling av spelarar gjennom akademiet sitt i sør-afrika.

    TV 2: Arne Senstad ferdig som Larvik-trenar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 26, 2025 KL:18:48)
    arne senstad fortset ikkje som sjef for larviks eliteserielag i handball for kvinner. torsdag får tv 2 bekrefta av styreleiar geir anton haga at senstad er ferdig i trenarjobben. senstad har vore trenar for larvik sidan sommaren 2023 og hadde opphavleg kontrakt til neste sommar. klubben har hatt sportsleg suksess under leiinga av senstad, men økonomien i klubben har vore anstrengt, skriv tv 2.










    Pent overskot for Manchester City

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, November 7, 2022 KL:11:26)
    manchester city har aldri tent så mykje som klubben gjorde i 2021/22-sesongen. måndag blei det lagt fram eit overskot på 506 millionar kroner. årsrekneskapen viste ei omsetning på 613 millionar pund. det svarar til 7,18 milliardar kroner, og er toppnotering i city. klubben melder at han gjekk i pluss med 43,2 millioner pund. tala gjeld for perioden 1. juli 2021 til 30. juni 2022. – målet har vore klart hele vegen. det er ein dag å bli klubben som set standarden for andre. statistikkane og resultata viser at vi på mange måtar er i ferd med å oppnå våre langsiktige ambisjonar, seier citys styreleiar khaldoon al mubarak. manchester-klubben har hatt styrtrike eigarar frå abu dhabi sidan 2008. sidan den gongen har dei lyseblå vunne premier league seks gonger.

    Russarar får bokse igjen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 5, 2022 KL:13:03)
    det internasjonale bokseforbundet (iba) kunngjer at russiske og belarusiske boksarar kan få byrje å gå boksekampar igjen. – iba-styret stemde for å oppheve den tidlegare avgjerda si og la boksarar frå russland og belarus konkurrere på iba-arrangement. iba er overtydd om at politikk ikkje bør ha nokon innverknad på sport. derfor bør alle utøvarar givast likt moglegheiter, skriv iba i ei pressemelding. russiske og belarusiske boksarar har vore utestengde frå alle iba-arrangement sidan russlands invasjon av ukraina. styreleiar i iba er russaren umar kremlev, som vart attvalt i september. den internasjonale olympiske komiteen (ioc) har fleire gonger uttrykt uro for måten iba har vore styrt på av kremlev. det internasjonale bokseforbundet får mellom anna ikkje arrangere bokseturneringa under ol i paris i 2024. den jobben skal skjøttast av ein uavhengig ioc-utnemnd arbeidsgruppe.

    To Blink-spelarar avsluttar kontraktane

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, July 4, 2022 KL:14:13)
    madhu og håvard lorentsen har valt å avslutte kontraktane sine med stjørdals-blink etter at klubben kravde at alle spelarane gjekk ned til minstelønn. «stjørdals-blink fotball har etter felles semje med madhu og håvard lorentsen avslutta kontraktsforholdet for dei to. spelarane er dermed ferdige som blink-spelarar i denne omgang», skriv klubben på si heimeside. på klubbens nettside kom det onsdag fram at spelargruppa ikkje godtar minsteløn. tidlegare i juni forklarte styreleiar erling johansen i stjørdals-blink at lønsredusering og minsteløn var eit av tiltaka for å redde klubbens økonomi. ifølgje tv 2 ville bruttoløna då ligge på 4.000 kroner. lorentsen signerte for blink sommaren 2020, medan madhu kom til klubben før 2022-sesongen.


    Nye krefter inn i Vålerenga ishockey

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, May 31, 2022 KL:07:19)
    fleire personar har forsvunne ut dørene på jordal amfi. mellom anna måtte styreleiar arnold nybo trekkje seg av familiære årsaker, og tidlegare gav brede czisar seg. måndag heldt klubben ei ekstraordinær generalforsamling, og valte desse i dei tomme rollene: øivind wikstøl (leiar), øystein karlstad (nestleiar), cecilie krüger christiansen, anders myrvold og lars erik lund. styrets varamedlem er marit nyborg, jan petter selvik og jan brandvold.


    Roy Johansen skal trene Manglerud Star

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 26, 2022 KL:12:24)
    tidlegare landslagstrenar roy johansen blir torsdag presentert som trenar for ishockeyklubben manglerud star på ein langtidskontrakt, melder tv 2. johansen vart leigd ut frå vålerenga til manglerud star i slutten av februar, og har sidan vore ein del av trenarteamet til klubben. det meste tyder på at avtalen mellom partane blir permanent, sjølv om johansen sjølv ikkje ønskjer å seie noko. – mange kjem til å få litt hakeslepp for vi skal presentere noko veldig spennande. vi må få meir lidenskap inn, og skal få fleire og større sponsorar med på eit talentutviklingsprosjekt, seier ms-styreleiar henning thoresen.

    Sky Sports: - Hamilton med på Chelsea-bud

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, April 21, 2022 KL:11:35)
    formel 1-stjerne lewis hamilton og tennisstjerne serena williams er med i ei gruppe som vil kjøpe premier league-klubben chelsea. dei to går inn med 10 millionar pund kvar, skriv sky sports. ei gruppe investorar, leia av den tidlegare liverpool-styreleiaren martin broughton, vil kjøpe chelsea frå roman abramovitsj. russaren vil selje klubben etter å ha blitt ramma av dei britiske restriksjonane mot russiske oligarkar. hamilton har vunne formel 1-vm sju gonger, og williams har 23 grand slam-titlar i tennis. ei kjelde knytta til investorgruppa seier til sky sports at hamilton og williams er med på grunn av deira erfaringar med å marknadsføre idretts-merkevarer globalt. at hamilton er med i chelsea-bodet er overraskande, fordi han er kjend som arsenal-tilhengar, skriv sky sports.


    Klaveness får Fritt Ord-pris

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, April 4, 2022 KL:08:27)
    fotballpresident lise klaveness får tildelt prisen «fritt ords honnør» for talen på kongressen til det internasjonale fotballforbundet fifa i qatar. – klaveness` offentlege innsats under den internasjonale fotballkongressen, og spesielt hennar sterke og kraftfulle tale, er ein eksemplarisk og effektiv bruk av ytringsfridomen for å overvinne maktmisbruk, undertrykking og korrupsjon, seier stiftelsen fritt ords styreleiar grete brochmann. – talen har allereie vist seg verknadsfull. han har fått stort gjennomslag internasjonalt, men møter samtidig stor motstand og kritikk, ikkje minst i fifa. – lise klaveness sin tale i qatar er dermed også ei tydeleg markering og eit engasjement frå den folkerørsla som norsk fotball representerer, seier grete brochmann. lise klaveness takkar for prisen. – eg tek audmjukt imot prisen, og som ein motivasjon til å jobbe endå hardare for å verne fotballen og jobbe for nødvendig endring, seier ho. prisen er på 100.000 kroner. utdelinga skjer etter påske.


    Drammen kan møte sveitsisk lag

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, February 22, 2022 KL:11:21)
    drammen var tysdag med i kvartfinaletrekninga i europacupen i handball. utfallet av returoppgjeret i åttedelsfinalen mot russiske krasnodar er ennå uviss. drammen vann den første åttedelsfinalen 37-23, men valde å følgje rådet til utenriksdepartementet (ud) om å ikkje reise til returoppgjeret mot krasnodar. ud frårådde klubben å reise, ettersom krasnodar er mindre enn 250 kilometer unna grensa til ukraina. den grunngjevinga godkjende ikkje det europeiske handballforbundet (ehf), men kva som vil skje med returoppgjeret er ennå ikkje avklart. kampen skulle eigentleg blitt spela laurdag. – utfallet avheng av ei juridisk avgjerd, sa andrew barringer i ehf i samband med trekninga. der blei drammen eller krasnodar trekt mot suhr aarau frå sveits. kvartfinalane skal spelast 26./27. mars og 3./4. april. styreleiar i dhk, svein erik bjerkrheim var like usikker på situasjonen som alle andre, då ntb kontakta han ei dryg time før kvartfinaletrekninga. – vi har ikkje fått nokon tilbakemeldingar. eg prøvde i heile går. eg synest det er merkeleg at vi ikkje har høyrt noko, seier bjerkrheim til ntb. nærbø kom trygt vidare til kvartfinalen og blei trekt mot minsk frå kviterussland.


    Handballfusjon i Stavanger

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, February 7, 2022 KL:20:49)
    handballklubbene viking stavanger og sif handball legg rivaliseringa til side og går saman om ny elitesatsing frå neste sesong. det opplyser klubbene i ei felles pressemelding måndag. søndag møttest viking stavanger og sif håndball til lokaloppgjer i 1. divisjon. det blei for aller siste gang. – vi har begge innsett at vi er sterkare saman, seier styreleiar i sif håndball, mette seglem aasen. – dette er vår sjanse til å igjen gi regionen et elitelag i noregs nest største idrett. dette er vår moglegheit til å igjen starte ei epoke der stavanger igjen blir noregs fremste handballby, supplerer viking-styreleiar, tor henrik knutsen. viking stavanger og sif håndball har også tidlegare samarbeidd. den førre perioden starta i år 2000. den gongen varte ekteskapet i ni år. etter at samarbeidet sprakk har klubbane levd side om side i stavanger idrettshall. dei har begge slite både økonomisk, sportsleg og organisatorisk. nå blir stridane lagde til side.


    RBK-leiaren: - Har snakka med HamKam

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, December 16, 2021 KL:13:17)
    eg har snakka med hamkam, stadfestar rosenborgs styreleiar når nrk får eit par ord med han på gardermoen, etter besøket på hamar. koteng og resten av styret i klubben skal ha gått inn for å få hamkam-trenar kjetil rekdal som ny trenar i rosenborg. – har de snakka om rekdal? – det vil eg ikkje uttale meg om. – vi jobbar vidare med trenarjakta. vi hatr funne ein kandidat som vi går for, men vi er ikkje i mål. de treng ikkje ha nokon på vakt i kveld, legg koteng til.


    Stadfesta at PL-sjefen går av

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, November 17, 2021 KL:14:47)
    premier league stadfestar no at styreleiar gary hoffman trekkjer seg, og går av i slutten av januar, melder daily mail. årsaka er mistillit etter at pl nyleg godkjende det omstridde saudiarabiske oppkjøpet av newcaste united. på eit ekstraordinært medlemsmøte i pl i oktober skal burnley ha uttrykt direkte mistillit til styreleiaren, som hadde tilltate oppkjøpet. fleire andre klubbar uttrykte også misnøye på det møtet. hovudinnvendinga var at styret skal ha pressa gjennom oppkjøpet raskt og utan å informere dei andre klubbane. trass i at det aldri har vore reist formelt krav om at han måtte gå av, valde han sjølv å trekkje seg, skriv avisa. hoffman har hatt styreleiar-vervet i berre 18 månader. kritikken mot at eit konsortium, eigd av eit statleg investeringsselskap i saudi-arabia, har fått kjøpe newcastle, har vore stor også utanfor pl. oppkjøpet er av mange karakterisert som "sportsvasking".

    Må truleg gå etter Newcastle-bråk

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 16, 2021 KL:20:37)
    styreleiar gary hoffman må truleg gå av som følgje av det saudi-arabiske oppkjøpet av newcastle united, melder sky sports. premier league godkjende tidlegare i haust at eit konsortium eigd av det statlege saudiarabiske investeringsfondet kjøpte den engelske pl-klubben. det skapte rabalder. pl fekk kraftig kritikk for å tillate det som blir kalla "sportsvasking", ettersom saudi-arabia har eit dårleg rykte omkring menneskerettane i landet. godkjenninga har ført til auka motstand og kritikk, ikkje minst frå fleire av dei andre klubbane i pl. det skal vere dette presset som har ført til at hoffman truleg kjem til å gå av i løpet av dei nærmaste dagane. gary hoffman tok til som styreleiar så seint som i juni i fjor.





Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »