Sport

    Russarar får bokse igjen
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 5, 2022 KL:13:03)
    Det internasjonale bokseforbundet (IBA) kunngjer at russiske og belarusiske boksarar kan få byrje å gå boksekampar igjen. – IBA-styret stemde for å oppheve den tidlegare avgjerda si og la boksarar frå Russland og Belarus konkurrere på IBA-arrangement. IBA er overtydd om at politikk ikkje bør ha nokon innverknad på sport. Derfor bør alle utøvarar givast likt moglegheiter, skriv IBA i ei pressemelding. Russiske og belarusiske boksarar har vore utestengde frå alle IBA-arrangement sidan Russlands invasjon av Ukraina. Styreleiar i IBA er russaren Umar Kremlev, som vart attvalt i september. Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har fleire gonger uttrykt uro for måten IBA har vore styrt på av Kremlev. Det internasjonale bokseforbundet får mellom anna ikkje arrangere bokseturneringa under OL i Paris i 2024. Den jobben skal skjøttast av ein uavhengig IOC-utnemnd arbeidsgruppe.

Ord sky bassert på artikkel: 771419
Russarar - internasjonale - bokseforbundet - kunngjer - russiske - belarusiske - boksarar - boksekampar - oppheve - tidlegare - avgjerda - Russland - Belarus - konkurrere - arrangement - overtydd - politikk - innverknad - utøvarar - moglegheiter - pressemelding - Russiske - utestengde - Russlands - invasjon - Ukraina - Styreleiar - russaren - Kremlev - attvalt - september - olympiske - komiteen - uttrykt - arrangere - bokseturneringa - skjøttast - uavhengig - utnemnd - arbeidsgruppe -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »