Hovedsiden

Liten annonse


    Sogndal Fotball: Styret stiller plassane sine til disposisjon

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, September 8, 2026 KL:10:08)
    styret i sogndal fotball il har vedteke å stille plassane sine til disposisjon og kallar inn til ekstraordinært årsmøte 22. september, det opplyser klubben. på årsmøtet skal det veljast nytt styre. – avgjerda er teken med omsut for klubben og eit ønske om å leggje best mogleg til rette for vegen vidare, skriv styret i meldinga. styret meiner eit skifte bør gjennomførast så raskt som mogleg, slik at eit nytt styre får tid til å kome inn i arbeidet og stake ut kursen framover. det sitjande styret opplyser at det vil bidra til ei ryddig og god overføring av ansvar. dagens styre består av jan rune årøy, trude ramstad, nina olsen munthe, knut armand iversen, øyvind heimset larsen og tom rune kongelf. dei siste månadane har klubben vore prega av uro. i sommar vart det kjent at fleire spelarar hadde levert bekymringsmeldingar om hovudtrenar luis pimenta. måndag opplyste klubben at arbeidsforholdet med trenaren er avslutta, etter at han vore borte frå rolla sidan 26. juni.











    Aga benka mot Polen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, January 11, 2024 KL:13:11)
    vetle eck aga, erik toft og sander øverjordet står over opningskampen mot polen i em i handball. simen lyse får sin meisterskapsdeby på det norske landslaget. wille går for tre strekspelarar i kampen mot polakkane, der henrik jakobsen er av dei som får tillit. – aga er så lojal og tok avgjerda som han skulle. han får garantert mogelegheiter seinare i meisterskapet, seier wille om forsvarseksperten aga, som må sitte på tribunen torsdag kveld. lyse er noreg-debutant i dette meisterksapet. kampen blir spelt i berlin og startar klokka 20.30.













    Rangers sparka van Bronckhorst

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, November 21, 2022 KL:12:18)
    den skotske storklubben glasgow rangers har sparka sin nederlandske manager giovanni van bronckhorst etter berre eitt år i sjefsstolen på ibrox. den tidlegare nederlandske landslagskapteinen leidde laget til finale i europaligaen i mai, men mislukkast å ta heim det skotske seriemeisterskapet. denne sesongen har byrival celtic tatt føringa og leier ni poeng framfor rangers. – eg vil takke gio for den harde jobben han har lagt ned over dei siste tolv månadene, og spesielt for at han tok klubben til europaligafinalen og tok heim den skotske cupen førre sesong, seier rangers-president douglas park i ei pressemelding. – uheldigvis har dei siste resultata vore under våre og gios forventningar, og vi måtte ta den vanskelege avgjerda i dag. alle i rangers ønsker gio suksess vidare i framtida. van bronckhorst spelte for klubben frå 1998 til 2001, og overtok som manager etter at steven gerrard gjekk til premier league-klubben aston villa i november i fjor.


    Diskuterte ikkje menneskerettsbrot

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 15, 2022 KL:15:55)
    tidlegare fifa-president sepp blatter fortel at dei ikkje diskuterte det som skal vere qatars menneskerettsbrot før landet fekk tildelt fotball-vm i 2022. 86-åringen annonserte sjølv qatar som vm-arrangør i 2010. han var president i det internasjonal fotballforbundet (fifa) frå 1998 til 2015. i månadene før den omstridde meisterskapen i qatar har blatter uttalt seg til fleire medium om at det ikkje var rett å gi golfstaten meisterskapen. qatar har fått kritikk for brot på menneskerettane. den sterkaste kritikken har komme rundt behandlinga av migrantarbeidarar i landet. i bbc-podkasten «powerplay» seier blatter at dei aldri «diskuterte det» før dei valde qatar som årets vm-arrangør. først i etterkant vart «sosiale og kulturelle forhold for potensielle vertsland» innført. det var ingen slike vedtekter før qatar-avgjerda. styresmaktene i ørkenstaten hevdar på si side at det er gjort reformer som har gitt betring for migrantarbeidarane, og landet har avvist dei mange påstandane om tusenvis av dødsfall under førebuingane til vm. blatter seier også at ein rapport beskreiv qatar som «det minst eigna» landet til å arrangere verdsmeisterskap. bbc har kontakta fifa og vm-komiteen for kommentarar på blatters utspel.

    Klaveness i Qatar: - Blir heilt sikkert oppfatta som ein provokasjon

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, November 11, 2022 KL:12:13)
    fotballpresident lise klaveness skal vere på plass under vm i qatar frå 18. til 22. november for å leggje press på det internasjonale fotballforbundet. – det vil heilt sikkert bli oppfatta som ein provokasjon og ei politisk handling. eg er ikkje redd for det. det er ingen land som har engasjert seg så mykje i dette spørsmålet som noreg. sjølv om vi først hadde tenkt ikkje å dra, sidan vi ikkje har noko lag, landa vi på at vi måtte gjennomføre når momentumet er størst. vi er nøydde til å vere brubyggjande i dette, sa klaveness på eit pressetreff fredag. – vi tenkjer at det er eit poeng at vi er der når det blir mest fokus på det sportslege, sa ho. fotballpresidenten og fleire representantar frå noregs fotballforbund reiser førstkommande fredag og blir over helga. der skal dei halde fram med å arbeide for at fifa gjennomfører løfta dei har gitt i samband med betre rettar for migrantarbeidarar og lgbtq+-personar. – vi må tenkje på det som ei symbolsk og viktig handling at vi er der for å gjenta standpunkta våre, sa klaveness. torsdag fekk danmark nei frå fifa til å ha bodskapen «human rights for all», «menneskerettigheter for alle», på treningsdraktene sine under meisterskapen. – det var eigentleg ikkje overraskande. vi sit saman med danmark i arbeidsgruppa og det var ikkje overraskande at dei fekk nei. eg er usamd i avgjerda, sa klaveness.

    Kjøll bad om framleis russisk utestenging

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 19, 2022 KL:08:40)
    idrettspresident berit kjøll la onsdag fram noregs syn på russisk og belarusisk deltaking i idretten på anocs generalforsamling i seoul. før generalforsamlinga hadde noregs idrettsforbund (nif), saman med dei nordiske og baltiske olympiske komiteane, og dessutan den polske olympiske komiteen, bede om at avgjerda om russisk og belarusisk deltaking på møtet vart teken opp til ei ny vurdering av anoc (forbundet av nasjonale olympiske komitear). saka vart behandla, men ikkje teken til følgje, heiter det på idrettsforbundets nettsider. kjøll presenterte deretter noregs syn på det. «ho understreka at norsk idretts posisjon om å stenge ute russland og belarus frå internasjonal idrett står fast, og at vår solidaritet helt ligg med det ukrainske folket og med ukrainske utøvarar», heiter det i uttalen. dei fleste russarar og belarusarar i idretten har vore utestengde sidan krigen i ukraina braut ut i vinter. til helga skal det avgjerast om dei får innpass i vinteridretten denne sesongen på det internasjonale ski- og styremøtet til snøbrettforbundet.

    Hyundai vrakar Oliver Solberg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 6, 2022 KL:10:24)
    hyundai motorsport vil ikkje fornye rallykontrakten med oliver solberg (21) for neste år, skriv selskapet i ei pressemelding. dei grunngjev avgjerda med at dei neste sesong vil satse på meir erfarne førarar. – oliver har vore eit godt tilskot til laget vårt denne sesongen. han har vist fleksibilitet og iver til å lære, seier assisterande teamsjef julien moncet. – vi ønskjer han lykke til vidare. vi skiljast i vennskap, og veit at han vil ta dei rette stega for sin vidare karriere, legg moncet til. solberg skal halde fram i hyundai ut sesongen. – sjølvsagt er eg skuffa, men eg må respektere avgjerda om at dei vil halde fram med berre tre bilar og meir erfarne køyrarar. eg er glad for at dei har vore opne med meg om det, seier solberg i den same pressemeldinga. solberg har køyrt åtte rally denne sesongen, med ein fjerdeplass i belgia som beste resultat.

    Russarar får bokse igjen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 5, 2022 KL:13:03)
    det internasjonale bokseforbundet (iba) kunngjer at russiske og belarusiske boksarar kan få byrje å gå boksekampar igjen. – iba-styret stemde for å oppheve den tidlegare avgjerda si og la boksarar frå russland og belarus konkurrere på iba-arrangement. iba er overtydd om at politikk ikkje bør ha nokon innverknad på sport. derfor bør alle utøvarar givast likt moglegheiter, skriv iba i ei pressemelding. russiske og belarusiske boksarar har vore utestengde frå alle iba-arrangement sidan russlands invasjon av ukraina. styreleiar i iba er russaren umar kremlev, som vart attvalt i september. den internasjonale olympiske komiteen (ioc) har fleire gonger uttrykt uro for måten iba har vore styrt på av kremlev. det internasjonale bokseforbundet får mellom anna ikkje arrangere bokseturneringa under ol i paris i 2024. den jobben skal skjøttast av ein uavhengig ioc-utnemnd arbeidsgruppe.

    Triatlon opnar for transpersonar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, August 4, 2022 KL:09:11)
    det internasjonale triatlonforbundet (itu) er samd om ei ny linje som tillèt transpersonar å konkurrere i kvinneklassar. 15 av 17 medlemmer i forbundet stemde for vedtaket som trer i kraft 2. september. avgjerda inneber at transpersonar som vil konkurrere med kvinner, må dokumentere eit testosteronnivå på under 2,5 nanomol per liter i ein periodar på minst to år. i tillegg må det ha gått minst fire år sidan eit stemne i ein herre- eller guteklasse uansett idrett. – den linja som vi nettopp har godkjent, viser at vi prioriterer rettferdsprinsippet, men viser også at vi er inkluderande, seier itu-president marisol casado.

    Traitlon opnar for transpersonar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, August 4, 2022 KL:09:11)
    det internasjonale triatlonforbundet (itu) er samd om ei ny linje som tillèt transpersonar å konkurrere i kvinneklassar. 15 av 17 medlemmer i forbundet stemde for vedtaket som trer i kraft 2. september. avgjerda inneber at transpersonar som vil konkurrere med kvinner, må dokumentere eit testosteronnivå på under 2,5 nanomol per liter i ein periodar på minst to år. i tillegg må det ha gått minst fire år sidan eit stemne i ein herre- eller guteklasse uansett idrett. – den linja som vi nettopp har godkjent, viser at vi prioriterer rettferdsprinsippet, men viser også at vi er inkluderande, seier itu-president marisol casado.

    Motorsport, cricket og flagg-fotball i OL 2028?

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, August 4, 2022 KL:08:11)
    ioc har invitert ni nye idrettar til å presentere seg med tanke på å bli med i ol i los angeles i 2028. det er motorsport, cricket, karate, baseball/softball, lacrosse, breaking, kickboksing, squash og flagg-fotball, skriv insidethegames.com. fleire av greinene har vore med før. breaking skal vere med også i paris 2024, og karate var med i tokyo i fjor. motorsport og cricket var derimot sist med i 1900. kickboksing, squash og flagg-fotball har aldri vore med. når det gjeld motorsport, er det uvisst kva grein som blir foreslått. skal nye idrettar inn på ol-programmet, må dei ha like mange klasser for kvinner og menn. og totaltalet på utøvarar i 2028-ol skal ikkje overstige 10.500. avgjerda blir teken på ioc-kongressen i 2023.


    Vi må ta toppen også

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, July 29, 2022 KL:10:12)
    vi kunne ikkje la toppane kome inn i landet når vi utestengjer dei aktive. derfor sa vi nei, seier generalsekretær mona kristiansen i norges gymnastikk- og turnforbund til nrk. ho siktar til at noreg torsdag avslo å la delegasjonane frå russland og belarus kome til den planlagde kongressen i sandefjord, ei avgjerd om førte til at det internasjonale turnforbundet (fig) valde å flytte kongressen til eit anna land. russlands turnpresident vasili titov rosar fig. – eg er glad for at fig har teke eit så klart prinsipielt standpunkt, seier titov til det russiske nyheitsbyrået ria novosti, ifølgje nettstaden insidethegames. han meiner at sjølv om utøvarane er utestengde, skal ikkje det hindre valde delegatar i å delta på ein kongress. han seier at fig-styret diskuterte det i førre veke, og gav det norske forbundet ei veke til å bestemme seg. onsdag vedtok dei å halde oppe forbodet, og derfor flyttar fig kongressen i oktober. avgjerda er også i tråd med tilrådingane frå olympiatoppen og kulturdepartementet.


    Fransk eks-storklubb til nivå 3

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, June 14, 2022 KL:21:22)
    den franske fotballklubben bordeaux er flytta ned ytterlegare ein divisjon på grunn av økonomiske uregelmessigheiter, og må neste sesong spele på nivå tre. bordeaux, som har norske stian gregersen i stallen, enda sist i ligue 1 førre sesong og rykka dermed ned. no har lisensorganet dncg konkludert med at bordeaux ikkje oppfyller krava for spel på nivå to, og klubben blir dermed flytta ned til national 1, som er nivå tre i fransk fotball. klubben melder på sin nettstad at han ankar avgjerda, som blir kalla «brutal». girondins de bordeaux er seks gonger fransk seriemeister, sist i 2009. klubben blei tvangsnedflytta frå ligue 1 i 1991 på grunn av store gjeldsproblem, men rykka rett opp igjen og har spelt på øvste nivå sidan. i fjor blei forretningsmannen gerard lopez ny eigar av klubben, men han har ikkje greidd å få skikk på økonomien.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »