Sport

    Fransk eks-storklubb til nivå 3
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, June 14, 2022 KL:21:22)
    Den franske fotballklubben Bordeaux er flytta ned ytterlegare ein divisjon på grunn av økonomiske uregelmessigheiter, og må neste sesong spele på nivå tre. Bordeaux, som har norske Stian Gregersen i stallen, enda sist i Ligue 1 førre sesong og rykka dermed ned. No har lisensorganet DNCG konkludert med at Bordeaux ikkje oppfyller krava for spel på nivå to, og klubben blir dermed flytta ned til National 1, som er nivå tre i fransk fotball. Klubben melder på sin nettstad at han ankar avgjerda, som blir kalla «brutal». Girondins de Bordeaux er seks gonger fransk seriemeister, sist i 2009. Klubben blei tvangsnedflytta frå Ligue 1 i 1991 på grunn av store gjeldsproblem, men rykka rett opp igjen og har spelt på øvste nivå sidan. I fjor blei forretningsmannen Gerard Lopez ny eigar av klubben, men han har ikkje greidd å få skikk på økonomien.

Ord sky bassert på artikkel: 748294
storklubb - franske - fotballklubben - Bordeaux - ytterlegare - divisjon - økonomiske - uregelmessigheiter - Gregersen - stallen - lisensorganet - konkludert - oppfyller - National - Klubben - nettstad - avgjerda - Girondins - seriemeister - tvangsnedflytta - gjeldsproblem - forretningsmannen - økonomien -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »