Sport

    Drammen kan møte sveitsisk lag
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, February 22, 2022 KL:11:21)
    Drammen var tysdag med i kvartfinaletrekninga i europacupen i handball. Utfallet av returoppgjeret i åttedelsfinalen mot russiske Krasnodar er ennå uviss. Drammen vann den første åttedelsfinalen 37-23, men valde å følgje rådet til Utenriksdepartementet (UD) om å ikkje reise til returoppgjeret mot Krasnodar. UD frårådde klubben å reise, ettersom Krasnodar er mindre enn 250 kilometer unna grensa til Ukraina. Den grunngjevinga godkjende ikkje Det europeiske handballforbundet (EHF), men kva som vil skje med returoppgjeret er ennå ikkje avklart. Kampen skulle eigentleg blitt spela laurdag. – Utfallet avheng av ei juridisk avgjerd, sa Andrew Barringer i EHF i samband med trekninga. Der blei Drammen eller Krasnodar trekt mot Suhr Aarau frå Sveits. Kvartfinalane skal spelast 26./27. mars og 3./4. april. Styreleiar i DHK, Svein Erik Bjerkrheim var like usikker på situasjonen som alle andre, då NTB kontakta han ei dryg time før kvartfinaletrekninga. – Vi har ikkje fått nokon tilbakemeldingar. Eg prøvde i heile går. Eg synest det er merkeleg at vi ikkje har høyrt noko, seier Bjerkrheim til NTB. Nærbø kom trygt vidare til kvartfinalen og blei trekt mot Minsk frå Kviterussland.

Ord sky bassert på artikkel: 718606
Drammen - sveitsisk - kvartfinaletrekninga - europacupen - handball - Utfallet - returoppgjeret - åttedelsfinalen - russiske - Krasnodar - Utenriksdepartementet - frårådde - klubben - ettersom - kilometer - Ukraina - grunngjevinga - godkjende - europeiske - handballforbundet - avklart - eigentleg - laurdag - juridisk - avgjerd - Barringer - samband - Kvartfinalane - spelast - Styreleiar - Bjerkrheim - usikker - situasjonen - kontakta - tilbakemeldingar - merkeleg - kvartfinalen - Kviterussland -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »