Hovedsiden

Liten annonse
    Bullen snudde finalen – tok sitt tredje strake EM-gull

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 24, 2026 KL:19:21)
    grace bullen møtte russiske amina tandelova i em-finalen i bryting i tirana i albania fredag. russaren, som deltek uavhengig, tok fire poeng tidleg i gullkampen. etter det såg det tøft ut for det norske håpet i 62-kiloklassa. tandelova gjekk opp til ei 9-0-leiing med eitt minutt att av kampen. men bullen slo tilbake og vann direkte på fall med eit halvt minutt att av finalen. bullen har fire em-gull frå før, ho har også ein ol-bronse får leikane i paris i 2024. ho har også sølv og bronse frå verdsmeisterskap.

    Røisland har blitt far: – Så takksam

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 14, 2026 KL:16:46)
    snøbrett-køyrar mons røisland har blitt far. det deler han på sosiale medium. – for ti dagar sidan kom vår vesle gut til verda, skriv røisland på instagram. – framleis overvelda over heile reisa, og så takksam for den vesle familien vår, skriv han vidare. i februar deltok røisland i sitt siste ol. då var hans gravide kjærast til stades. røisland har eit ol-sølv frå leikane i beijing i 2022, samt bronse frå x-games frå 2016.


    Skotheim tilbake etter skade – sette ny personleg rekord

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 23, 2025 KL:16:51)
    sander skotheim sette ny personleg rekord i fyrste konkurranse etter kneskaden han pådrog seg under bislett games i juni. – toppforma startar definitivt å nærme seg, seier sander skotheim etter å ha tatt ny rekord i spydkast. han kasta 62.39 meter under noregsleikane på jessheim, laurdag. den førre rekorden var på 62.11 meter. – eg er glad for personleg rekord. så blei eg ivrig etter det. då blir det kortare, eg er ikkje tolmodig nok. det blir to kast over 60 meter, eg er fornøgd med det, seier skotheim til nrk. skotheim var verdas beste tikjempar før skaden, men merkar no at forma er i betring. målet i vm i tokyo er framleis ein gullmedalje. – no er eg i ein periode der eg føler eg blir betre for kvar dag som går, legg han til.


    Amerikansk stjerne kan miste VM etter fiaskoløp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 2, 2025 KL:23:50)
    bronsevinnaren på 1500-meter frå fjorårets ol, yared nuguse, kan miste vm etter at han blei nummer fem i eit uttaksløp. nuguse deltok i det amerikanske vm-uttaket der han blei slått av mellom andre ethan strand og ol-vinnar cole hocker. dei tre beste plasseringane kvalifiserer seg til verdsmeisterskapet i tokyo. nuguse kjem seg derfor berre til vm dersom nokon trekkjer seg. det var jonah koech som overraska og vann løpet. nuguse fekk bronse på 1500-meter under leikane i paris, medan jakob ingebrigtsen sprang inn til fjerdeplass.









    asia-leikane utsette på ubestemt tid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, May 6, 2022 KL:08:19)
    asia-leikane som skulle vore arrangert i hangzhou i kina i september, er utsette på ubestemt tid, melder kinesiske media. dei siterer den asiatiske ol-komiteen. det er ikkje gitt nokon grunn for utsetjinga. men kina er inne i ein ny runde med kamp mot covid-smitte, og har gjeninnført strenge restriksjonar. asia-leikane er eit multisportsarrangement, som blir avvikla kvart fjerde år, nærmast som eit ol for landa i verdsdelen.

    Storbritannia frådømd OL-sølv

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, February 18, 2022 KL:17:01)
    storbritannia blir fråtekne sølvet på 4 x 100 meter stafett i tokyo-ol fordi chijindu ujah testa positivt for doping. det har idrettens valdgiftsrett (cas) i lausanne avgjort. ujah testa positivt for de forbodne stoffa ostarin og s-23 undervegs i ol. de har same effekt som anabole steroid. i september blei det klart at også b-prøven hans var positiv. de tre andre sprintarane på stafettlaget var zharnel hughes, richard kilty og nethaneel mitchell-blake. dei mister alle den einaste ol-medaljen dei har tatt i karrieren. avgjerda gjer at canada blir flytta opp til sølvplass, medan kina får bronse. italia vann den kortaste ol-stafetten for menn. ujah har vore mellombels suspendert sidan sommarleikane i tokyo. etter cas-dommen skal friidrettens integritetseining (aiu) avgjere om han skal blir utestengd vidare.

    Spår 44 norske OL-medaljar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, February 2, 2022 KL:08:26)
    talknusarane i gracenote spår 44 medaljar, 28 av dei i paradegreinene skiskyting og langrenn, i ol. nielsen`s gracenote har publisert sin siste virtuelle medaljetabell før leikane i kina. i 2018 sette de norske utøvarane rekord for vinter-ol med 39 medaljar, og analyseselskapet trur det går enda betre i beijing. gracenote spår hele 21 norske gullmedaljar, samt 13 sølv og 10 sølvmedaljar. over 60 prosent av medaljane kjem i skiskyting (15) og langrenn (13) om vi skal tro talknusarane. det ventast åtte gull i kvar av de to idrettsgreinene. det vurderast vidare at therese johaug blir ol-dronning med fire gull i langrenn, tre av dei i individuelle konkurransar. johannes thingnes bø tar også fire gull, dersom spådommen slår til. tyskland er nest beste nasjon på den virtuelle medaljeoversikta med 11 gull, 11 sølv og 8 bronse (totalt 30).


    Fryktar korona-juks under OL

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, January 28, 2022 KL:11:31)
    tyske leiarar meiner faren for juks med koronatestar under ol er like overhengande som det tidlegare har vore med dopingprøver. – det er ikkje mogeleg, seier ol-leiinga. president michael hölz i det tyske snøbrettforbundet seier ifølgje insidethegames at han fryktar ulike forhold for utøvarane i kina. – det er relativt enkelt med covid-19-testing: nokon kan alltid etterpå si «beklagar, det var ei falsk positiv». hölz har bakgrunn frå arbeid i det tyske antidopingbyrået, og han meiner det er grunn til å samanlikne systemet for dopingprøver med koronatestar. – vi veit korleis temaet doping er blitt behandla i «slike land», seier hölz. kina avviser at det er grunn til å frykte uregelmessigheiter i testsystemet under vintervekene. – våre testlaboratorium er drivne av profesjonelle helsearbeidarar som har fått omfattande trening i forkant av leikane. vi vil sørgje for at det ikkje er rom for feil, seier huang chun i den kinesiske ol-komiteen.

    Kina til USA: - Slutt med OL-innblanding

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, January 27, 2022 KL:08:13)
    den kinesiske utanriksministeren meiner usa bruker vinter-ol til politiske formål på grunn av den diplomatiske boikotten av leikane. – høgaste prioritet no er at usa må slutte å blande seg inn i vinter-ol i beijing, sa utanriksminister wang yi i ein samtale med den amerikanske kollegaen sin antony blinken torsdag. fråsegna kjem etter at usa og ei rekkje andre større land bestemde ikkje å sende offisielle representantar til vinterleikane, som opnar neste fredag. noreg har derimot bestemt seg for å vere representert på regjeringsnivå under ol i kina.

    Kongefamilien ikkje til OL

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, January 18, 2022 KL:16:08)
    kongefamilien opplyser at dei kjem til å følgje ol og paralympics i beijing på tv. det blir grunngitt med dei strenge reise- og smittevernreglane som vil gjelde under vinterleikane i kina. normalt har representantar for kongefamilien vore til stades på ol. «i år vil kongefamilien følge vinter-ol og heie på de norske utøverne foran tv-skjermen. kongefamilien vil i likhet med store deler av norge følge lekene med stor iver», opplyser det norske kongehus til ntb. «ol og de paralympiske leker i beijing vil ikke finne sted med internasjonalt publikum, og de svært strenge reise- og smittevernreglene under ol har gjort et besøk til lekene vanskelig å gjennomføre. som følge av dette vil det dessverre ikke være tilstedeværelse fra kongefamilien under de olympiske- eller paralympiske leker i beijing 2022. kongefamilien ønsker de norske idrettsutøverne og støtteapparatet lykke til i beijing!», heiter det vidare. regjeringa har på side gjort det klart at ho vil vere representert under vinterleikane (ntb).

    Regjeringa planlegg for Kina-tur

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 12, 2022 KL:11:43)
    regjeringa sine planar om å vere til stades under ol og paralympics i beijing har ikkje endra seg trass i oppblussinga av koronasmitte. – dersom pandemiavgrensingane ikkje blir så strenge at det ikkje er naturleg å reise, planlegg regjeringa å vere til stades både under ol og paralympiske leikar i beijing, opplyser kommunikasjonsrådgivar guri solberg i regjeringa til ntb. til paralympics er det kulturminister anette trettebergstuen (ap) som reiser. det er førebels ikkje klart kva statsråd som reiser til ol. måndag vart det klart at regjeringa i sverige ikkje reiser til kina. årsaka er koronapandemien, ikkje diplomat-boikott. tidlegare har land som japan, usa, australia, storbritannia og canada varsla diplomatisk boikott av leikane. dei vil ikkje sende offisielle representantar til kina.

    Omkom i bilulykke

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 12, 2022 KL:08:01)
    sprintaren deon lendore, som har deltatt i dei tre siste sommer-ol og har ein bronsemedalje i stafett, omkom i ein frontkollisjon i texas måndag, 29 år gammal. lendore deltok for trinidad og tobago i sommarleikane i 2012, 2016 og i fjor. han sprang ankeretappen då det blei bronse på 4 x 400 meter i london-ol. han hadde stor suksess i universitetsidrett, og i 2014 var han utan tap i 14 løp på 400 meter på veg mot ncaa-tittelen både innandørs og utandørs.


    Vinter-universiaden avlyst

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 30, 2021 KL:09:52)
    vinterleikane for studentar, vinter-universiaden i luzern i sveits, er avlyst som følgje av korona-varianten omikron. universiaden er ein multi-idrettskonkurranse i vinteridrettar, som blir arrangert annakvart år. årets skulle ha vore den 30. i rekke, og skulle eigentleg vore avvikla i januar, men blei utsett til desember på grunn av covid-epidemien. arrangementet skulle opna 11. desember og pågått i ti dagar. men på grunn av omikron og innstrammingar i reise til sveits, er arrangementet no avlyst, mindre enn to veker før det skulle ha starta.

    Kina reagerer på diplomati-boikott

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, November 19, 2021 KL:09:09)
    det kinesiske utanriksdepartementet skuldar usa for å motarbeide den olympiske ånd ved å true med diplomatisk boikott av ol i beijing i februar, i protest mot kinas brot på menneskerettane. – å politisere sport er mot den olympiske ånd, og skader interessene til utøvarar frå alle land, sa departementstalsmann zhao lijian fredag. usas president joe biden sa torsdag at han vurderer ein diplomatisk boikott av leikane.

    OL til (minst) 31 milliardar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 19, 2021 KL:06:55)
    ein priskalkyle for sommar-ol i australske brisbane i 2032 viser at leikane vil koste 5 milliardar australske dollar, eller drygt 31 milliardar norske kroner, opplyser sportsminister richard colbeck. – men på grunn av infrastrukturen som må byggjast ut, kan nok prislappen bli noko meir enn det, kommenterte colbeck. arrangørane har planlagt å oppgradere eksisterande anlegg i staden for å byggje nytt. men allereie no har delstaten queensland bestemt seg for å bruke over seks milliardar kroner på oppgradering av gabba cricket gound, som blir hovudstadion. – det kom litt overraskande på oss, seier sportsministeren. så spørst det om budsjettet vil sprekke endå meir i dei 11 åra som gjenstår. det var i juli i år at brisbane blei tildelt sommar-ol 2032. først er det ol i paris i 2024 og i los angeles i 2028.

    OL-elden tent i Hellas

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, October 18, 2021 KL:11:37)
    ol-elden vart tend i olympia i hellas, og no startar turen til vinter-ol i beijing i februar. dei 24. vinterleikane i den kinesiske hovudstaden går frå 4. til 20. februar neste år. ol-elden vart tend med ei lupe og av sollyset under den tradisjonelle seremonien, men på grunn av koronapandemien vil det ikkje vere nokon vanleg fakkelstafett denne gongen. i staden vil tre løparar ha kortare løp med flammen på veg til akropolis i aten der den vil vere over natta. tysdag vil den kinesiske organisasjonskomiteen få overrekt flammen under ein seremoni på panathenaic stadion som vart brukt til sommarleikane i både 1896 og 2004.

    Dette er Beijings OL-slagord

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, September 17, 2021 KL:12:23)
    «saman for ei delt framtid» blir mottoet til vinter-ol i beijing neste år. det vart lansert i den kinesiske hovudstaden fredag. ifølgje den lokale organisasjonskomiteen vart frasen vald frå eit utval på 79 forslag frå det mest kjende universitetet i kina. – ikkje berre omfamnar det konseptet om å dele, men det speglar òg situasjonen i verda med ein global pandemi og ambisjonar alle land har om å komme saman for ei betre framtid, seier seremonidirektør chen ning. opningsseremonien blir 4. februar. beijing blir første vertsbyen som arrangerer leikane både sommar og vinter. i 2008 hadde den kinesiske hovudstaden ansvaret for sommar-ol.

    Brettforbundet: Markering aktuelt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, September 17, 2021 KL:10:59)
    ola keul i brettforbundet seier det er aktuelt å markere menneskerettssituasjonen i kina i beijing-ol. ioc godtek ikkje det i konkurranse og seremoniar. den siste tida har skipresident erik røste og idrettspresident berit kjøll teke avstand frå menneskerettsbrota i arrangørlandet kina. vinterleikane er 140 dagar unna. torsdag presenterte norsk idrett et nytt strategidokument som skal veilede hele norsk idrett i internasjonale spørsmål, blant annet om menneskerettigheter. det var forslaget frå brettforbundet på tinget tidlegare i år som førte fram til dokumentet. presidenten i forbundet, ola keul, seier til ntb at ein kan få sjå utøvarar markere seg, ikkje berre sportsleg, i kina. – det er aktuelt. landslaget har for eksempel møtt amnesty for å få informasjon om menneskerettssituasjonen i kina og moglege markeringar. vi trur mest på krafta i felles markeringar på tvers av idrettar og vil samarbeide med andre, skriv keul i ein e-post.

    Tangen langt bak i debuten

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 31, 2021 KL:04:21)
    suzanna tangen enda på 12.-plass på temporittet på fuji internasjonal stadium, hennar første ritt i dei paralympiske leikane. ho køyrde inn til tida 57:38.97. amerikanske oksana masters vann etter tida 45:40.05. tangen fekk eit wildcard til paralympics, og har sagt at ho er eit stykke frå å hamle opp med medaljekampen. det store målet er paralympics i paris i 2024. natt til onsdag er det derimot nye moglegheiter. då er det landevegsritt, og det startar 05.20 norsk tid.

    12.-plass på Tangen etter debuten

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 31, 2021 KL:04:21)
    suzanna tangen enda på 12.-plass på temporittet på fuji internasjonal stadium, hennar første ritt i dei paralympiske leikane. ho køyrde inn til tida 57:38.97. amerikanske oksana masters vann etter tida 45:40.05. tangen fekk eit wildcard til paralympics, og har sagt at ho er eit stykke frå å hamle opp med medaljekampen. det store målet er paralympics i paris i 2024. natt til onsdag er det derimot nye moglegheiter. då er det landevegsritt, og det startar 05.20 norsk tid.

    OL 2032 til Brisbane

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 21, 2021 KL:10:34)
    ioc har som venta tildelt ol 2032 til brisbane i australia. brisbane var tilrådd av iocs utveljingskomité som skulle vurdere ulike kandidatar. ioc-kongressen tok den formelle avgjerda i dag. brisbane er den tredje største byen i australia, og ligg heilt aust i landet. begge dei to største byane har arrangert ol tidlegare, melbourne i 1956 og sydney i 2000. mumbai (india), jakarta (indonesia), doha (qatar), madrid (spania) og det tyske ruhr-distriktet hadde alle gitt interesse for å arrangere ol i 2032. ifølgje komiteleiar kristin kloster aasen ligg dei fleste av desse i potten også når ioc skal bestemme arrangør av leikane i 2036 og 2040, og kanskje også endå lenger fram i tid. sommar-ol i 2024 skal gå i paris, og i los angeles i 2028.

    Ny OL-prosess sparer 80 prosent

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 21, 2021 KL:09:21)
    kristin kloster aasen, som leier ioc-komiteen som har vurdert kandidatane til ol 2032, meier den nye utveljingsprosessen har spart søkjarane store summar. på kongressen i japan sa ho at australia har spart 80 prosent av kostnadene, samanlikna med den gamle ordninga der søkjarane konkurrerte om iocs gunst heilt til den endelege avrøystinga. denne gongen har ioc-komiteen sjølv vurdert interesserte søkjarar på eit tidleg tidspunkt, og deretter kome med si tilråding. for 2032 er det brisbane i australia, og det er venta at det også blir resultatet som ioc-president thomas bach skal presentere klokka 12.00 i dag. – i tillegg har vi no ein "pool" av andre interessentar som har sagt seg interessert i leikane i 2036, 2040 og endå seinare, sa aasen.

    Kronprins Frederik avlyser OL-tur

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, July 19, 2021 KL:14:44)
    danske kroeontakt til ein koronasmitta og må dermed avlyse reisa si til tokyo. han er medlem av ol-komiteen. kronprinsen skulle delta på leikane frå 19. til 26. juli, men det blir ikkje noko av grunna nærkontakten med ein koronasmitta person. han er medlem av den internasjonale olympiske komiteen, og skulle vere til stades ved opningsseremonien. kronprinsen er fullvaksinert, men skal altså framleis følgje oppmodinga til styresmaktene om å halde seg heime.

    Stor OL-sponsor vil ligge lågt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, July 19, 2021 KL:11:33)
    toyota, som er ein av dei store ol-sponsorane, kjem ikkje til å vise ol-relaterte reklamefilmar under leikane i tokyo. ingen av leiarane frå verdas største blifabrikk vil heller ikkje vere til stades under leikane, opplyser bilkonsernets talsperson til nyheitsbyrået afp. mindre en 1000 vip-ar blir til stades under opningsseremonien. bakgrunnen er den store skepsisen til ol i japan, som også er heimlandet til toyota. – dette har blitt til eit arangement som folk ikkje forstår, seier jun nagata i toyota-leiinga. ei meiningsmåling i avisa asahin shimbun viser at fire dagar før ol skal opne, meiner framleis 55 prosent av dei spurde at leikane ikkje bør haldast i sommar. 33 prosent meiner dei bør gå som planlagt.


    Åtvarar mot demonstrasjonar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, July 16, 2021 KL:11:11)
    ioc-president thomas bach åtvarar medaljevinnarane i ol mot å demonstrere på sigerspallen. – medaljeseremoniane og sigerspallen skal ikkje vere ein arena for demonstrasjonar og private synspunkt. dette er ein stad for å heidre medaljevinnarane for dei sportslege prestasjonane, seier bach i eit intervju med financial times. nyleg forte ioc litt på demonstrasjonsforbodet, slik at det på fotballbana blir lov å gå ned på kne for å markere motstand mot rasisme. det britiske kvinnefotballaget har varsla at dei vil gjere det. men generelt skal ikkje markeringar forekome under ol. tidlegare har ei rekkje utøvarar – både individuelt og kollektivt – markert seg på idrettsarenanene, mellom anna i kampen mot rasisme, sosial urettferd og for rettane til homofile. – vårt føremål er å samle heile vera på ein stad for å konkurrere fredfullt. det får vi ikkje til dersom leikane blir splittande, sier bach.

    Serena Williams droppar OL

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, June 27, 2021 KL:14:30)
    tennislegenda serena williams kjem ikkje til å reise til tokyo for å jakte på fleire ol-medaljar. amerikanaren har vunne fire ol-gull, men på pressekonferansen før wimbledon-turneringa stadfesta ho at ho ikkje kjem til å forsøke å vinne sitt femte gull til sommaren. – det e mange grunnar til at eg har teke denne avgjersla, men eg føler ikkje for å snakke om dei i dag, sa williams. tidlegare har 39-åringen sagt at ho var usikker på om ho ville delta i tokyo-leikane, då ho ikkje likte tanken på å reise utan sin treårige dotter. roger federer har uttalt at han vil vente til etter wimbledon med å bestemme seg for om han vil reise til tokyo. casper ruud har allereie sagt at han ikkje kjem til å ta del i ol denne sommaren.

    Johannessen styrar mot OL-plass

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, June 16, 2021 KL:15:53)
    det ser lyst ut for kristian krogh johannessens håp om å spele ol i golf. no er han godt framfor mannen som kan utfordre han om tokyo-billetten. johannessen låg på den utsette 60.-plassen på ol-rankinga, som akkurat gir plass i sommarleikane i japan, før denne vekas challenge-turnering i cádiz. der spelar også wu ashun, som med eit godt resultat vil kunne passere johannessen og ta den siste ol-plassen. men no ligg kinesaren i faresona for å ikkje klare cuten. dersom det skulle skje vil johannessen vere sikra ein ol-plass. nordmannen ligg også eit godt stykke framfor kinesaren i turneringa, som avsluttast på søndag.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »