Sport

    Regjeringa planlegg for Kina-tur
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 12, 2022 KL:11:43)
    Regjeringa sine planar om å vere til stades under OL og Paralympics i Beijing har ikkje endra seg trass i oppblussinga av koronasmitte. – Dersom pandemiavgrensingane ikkje blir så strenge at det ikkje er naturleg å reise, planlegg regjeringa å vere til stades både under OL og paralympiske leikar i Beijing, opplyser kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg i regjeringa til NTB. Til Paralympics er det kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) som reiser. Det er førebels ikkje klart kva statsråd som reiser til OL. Måndag vart det klart at regjeringa i Sverige ikkje reiser til Kina. Årsaka er koronapandemien, ikkje diplomat-boikott. Tidlegare har land som Japan, USA, Australia, Storbritannia og Canada varsla diplomatisk boikott av leikane. Dei vil ikkje sende offisielle representantar til Kina.

Ord sky bassert på artikkel: 706752
Regjeringa - planlegg - Paralympics - Beijing - oppblussinga - koronasmitte - pandemiavgrensingane - strenge - naturleg - regjeringa - paralympiske - opplyser - kommunikasjonsrådgivar - Solberg - kulturminister - Trettebergstuen - førebels - statsråd - Sverige - koronapandemien - diplomat - boikott - Tidlegare - Australia - Storbritannia - diplomatisk - leikane - offisielle - representantar -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »