Sport

    Åtvarar mot demonstrasjonar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, July 16, 2021 KL:11:11)
    IOC-president Thomas Bach åtvarar medaljevinnarane i OL mot å demonstrere på sigerspallen. – Medaljeseremoniane og sigerspallen skal ikkje vere ein arena for demonstrasjonar og private synspunkt. Dette er ein stad for å heidre medaljevinnarane for dei sportslege prestasjonane, seier Bach i eit intervju med Financial Times. Nyleg forte IOC litt på demonstrasjonsforbodet, slik at det på fotballbana blir lov å gå ned på kne for å markere motstand mot rasisme. Det britiske kvinnefotballaget har varsla at dei vil gjere det. Men generelt skal ikkje markeringar forekome under OL. Tidlegare har ei rekkje utøvarar – både individuelt og kollektivt – markert seg på idrettsarenanene, mellom anna i kampen mot rasisme, sosial urettferd og for rettane til homofile. – Vårt føremål er å samle heile vera på ein stad for å konkurrere fredfullt. Det får vi ikkje til dersom leikane blir splittande, sier Bach.

Ord sky bassert på artikkel: 666201
Åtvarar - demonstrasjonar - president - åtvarar - medaljevinnarane - demonstrere - sigerspallen - Medaljeseremoniane - private - synspunkt - sportslege - prestasjonane - intervju - Financial - demonstrasjonsforbodet - fotballbana - markere - motstand - rasisme - britiske - kvinnefotballaget - generelt - markeringar - forekome - Tidlegare - utøvarar - individuelt - kollektivt - markert - idrettsarenanene - urettferd - rettane - homofile - føremål - konkurrere - fredfullt - leikane - splittande -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »