Sport

    IOC-front mot FIFAs VM-planer
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, February 3, 2022 KL:06:30)
    IOC-kongressen bad i natt FIFA-president Gianni Infantino om å legge bort planene om fotball-VM annakvart år, slik FIFA planlegg frå 2028. Men det vil kollidere med sommar-OL, som saman med fotball-VM er det største idrettsarrangementet i verda. Infantino er også IOC-medlem, men han melde for eit par dagar sidan avbod til kongressen i Beijing. Også fleire internasjonale særforbund har kritisert FIFA-planene, som dei meiner vil trekkje til seg meir sponsor- og TV-pengar, noko dei fryktar vil gå ut over annan idrett. Infantino seier eit VM annakvart år vil gi fotballen 4,4 milliardar dollar i auka inntekter, og at dette først og fremst vil kome dei minst utvikla fotballnasjonane til gode. – Vi skulle gjerne diskutert dette med Infantino, men det let seg ikkje gjere no, fordi han ikkje kom hit til Beijing, sa IOC-president Thomas Bach.

Ord sky bassert på artikkel: 712828
kongressen - president - Infantino - planene - fotball - annakvart - planlegg - kollidere - største - idrettsarrangementet - Beijing - internasjonale - særforbund - kritisert - trekkje - sponsor - fryktar - fotballen - milliardar - inntekter - utvikla - fotballnasjonane - diskutert -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »