Sport

    Kørra blir ny rekruttrenar i langrenn – Ekspert rosar valet
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, June 7, 2022 KL:08:55)
    Juniorlandslagstrenar Monika Kørra (32) frå Løten tek steget opp og blir ny landslagstrenar for rekruttløparane. – Det er utruleg spennande å få denne moglegheita, seier Kørra i pressemeldinga. Ho går dermed inn i teamet med Jacob Walther, som er der frå før. – Eg var med heilt inn i finaleheatet for rekruttering av ny trenar på elitelandslaget, men nådde diverre ikkje heilt opp. No ynskjer eg dei to flotte og dyktige gutane Sjur Ole og Stig Rune lykke til med nye trenarjobbar, og ser fram til å samarbeide med dei, seier ho vidare. NRKs ekspert Torgeir Bjørn meiner at rekruttløparane har fått på plass ein suksessfull og merittert trenar. – Det er eit godt val. Vi har etterlyst ei kvinne i trenarteamet til langrennslandslaga, og no får vi det gjennom Kørra. I det totale biletet er det viktig at begge kjønn er representert i trenarteamet. Det handlar om breidde, og det var nødvendig å få inn, seier Bjørn til NRK. Kørra tek dermed over for Torstein Drivenes, som 1. juni gav beskjeden om at han var ferdig i jobben, etter tre år.

Ord sky bassert på artikkel: 746254
rekruttrenar - langrenn - Ekspert - Juniorlandslagstrenar - rekruttløparane - utruleg - spennande - moglegheita - pressemeldinga - Walther - finaleheatet - rekruttering - elitelandslaget - diverre - ynskjer - dyktige - trenarjobbar - samarbeide - ekspert - Torgeir - suksessfull - merittert - etterlyst - trenarteamet - langrennslandslaga - gjennom - biletet - representert - handlar - breidde - nødvendig - Torstein - Drivenes - beskjeden -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »