Sport

    Red Bull vedtar stor bot
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, October 28, 2022 KL:16:28)
    Red Bull seier at dei vil vedta bota på drygt 70 millionar kroner for å ha brukt meir pengar enn dei hadde lov til i 2021-sesongen. Formel 1 har eit tak på 114 millionar dollar som kvart lag har lov å bruke i løpet av ein sesong. Red Bull skal ha gått 1,8 millionar dollar over taket, noko som er definert som «lite regelbrot». Red Bull godtar bota sjølv om dei meiner dei har halde seg innanfor taket. Konkurrentane meiner derimot at overskridingane var langt større enn 1,8 millionar. Dei meiner det må tøffare straffer til. 2021-sesongen var då Red Bulls Max Verstappen tok VM-tittelen framfor Mercedes` Lewis Hamilton etter ein dramatisk innspurt i det aller siste løpet. Nettstaden Talksport trur at Red Bull også kan få ei sportsleg tilleggsstraff, som å få redusert tid til å teste bilane og anna utstyr. Slikt er strengt regulert i F1-reglane.

Ord sky bassert på artikkel: 777811
millionar - sesongen - definert - regelbrot - innanfor - Konkurrentane - derimot - overskridingane - tøffare - straffer - Verstappen - tittelen - framfor - Mercedes` - Hamilton - dramatisk - innspurt - Nettstaden - Talksport - sportsleg - tilleggsstraff - redusert - strengt - regulert - reglane -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »