Sport

Liten annonse
    Kalvenes ny Sogndal-trenar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 1. oktober 2024 KL:09.49)
    Morten Kalvenes skal trene 1. divisjonsklubben Sogndal Fotball ut sesongen. Det melder klubben på sine nettsider. Bergensaren tek over etter Tore André Flo som fekk sparken måndag. – Då det vart klart at Flo ikkje ville forlenge avtalen, så sonderte vi marknaden. Kalvenes var soleklare førsteval, seier dagleg leiar Gisle Olsen til NRK. Arbeidet med å tilsetje Kalvenes intensiverte då tapsrekka heldt fram. Sogndal står med sju kampar på utan siger, og nærmar seg nedrykk frå 1. divisjon. Kalvenes har tidlegare trena Arna-Bjørnar sitt kvinnelag, samt vore assistenttrenar under Kjetil Knutsen i både Åsane og Bodø/Glimt. Han var også assistenttrenar under Per-Mathias Høgmo i japanske Urawa Red Diamonds. Kalvenes leiar si første Sogndal-trening onsdag. Om han trenar klubben også neste sesong, avheng i stor grad av korleis årets sesong utviklar seg.

Ord sky bassert på artikkel: 959499
Kalvenes - Sogndal - divisjonsklubben - Fotball - sesongen - nettsider - Bergensaren - sparken - forlenge - avtalen - sonderte - marknaden - soleklare - førsteval - Arbeidet - tilsetje - intensiverte - tapsrekka - nedrykk - tidlegare - Bjørnar - kvinnelag - assistenttrenar - Knutsen - Mathias - japanske - Diamonds - trening - korleis - utviklar -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »