Sport

Liten annonse
    Har blitt einige om ny TV-avtale
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 20. desember 2024 KL:11.47)
    Nesten alle medlemslanda i Det internasjonale skiforbundet (FIS) har no gått med på at forbundet skal selje alle TV-rettigheitene i perioden 2026–2033. Kvar nasjon skal altså ikkje lenger gjere det sjølv. Det bekreftar arrangementssjef i Norges skiforbund, Terje Lund, til NRK. Det einaste landet som ikkje har gått med på avtalen så langt er Austerrike. – Vi har støtta ideen og vore ein aktiv pådrivar for ei slik løysing heile vegen, så får vi sjå korleis det vil fungere i praksis når vi kjem til 2026, seier ein godt nøgd Lund. Han fortel at dersom Austerrike også går med på avtalen, så vil ein unngå svarte skjermar under ein del renn – slik som har skjedd denne sesongen. Det har lenge vore bråk rundt ein ny avtale. Enkelte nasjonar har vore skeptiske til ein felles avtale, og til og med vurdert å starte opp eigne konkurransar utanfor FIS-systemet. Det ser det altså ut som ein no unngår.

Ord sky bassert på artikkel: 977874
medlemslanda - internasjonale - skiforbundet - rettigheitene - perioden - 2026–2033 - bekreftar - arrangementssjef - einaste - avtalen - Austerrike - pådrivar - løysing - korleis - fungere - praksis - skjermar - sesongen - Enkelte - nasjonar - skeptiske - vurdert - konkurransar - utanfor - systemet -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »