Sport

Liten annonse
    Sigeren glapp for Abrahamsen få kilometer før mål – spurthåp i bakken
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 23. juli 2025 KL:17.14)
    Det såg lenge lyst ut for Jonas Abrahamsen som var i brot i om lag 150 av 160 kilometer av den 17. etappen av Tour de France. I lag med Quentin Pacher, Mathieu Burgaudeau og Vincenzo Albanese, hamna Uno-X-ryttaren i brot frå start. Då det var 11 kilometer att, rykte Abrahamsen også frå dei tre andre. Men blei henta inn av hovudfeltet tre kilometer før mål. – Eg hadde eit lite håp, sjølvsagt vanskeleg når det er mange lag som prøver å køyre deg inn. Viss du ikkje prøver, så vinn du heller ikkje. Eg har ein siger og det var det eg prøvde. Nokon gonger feilar du og andre gonger vinn du, seier Abrahamsen til TV 2 etter målgang. Stian Fredheim, blei så Uno-X sitt håp mot etappesiger – men datt i bakken få meter før mål. – Nei, der gjekk Fredheim ned, det er mange som har blitt hindra, seier NRKs sykkelkommentator Ole Kristian Stoltenberg. – Følte eg sat fint, men dei datt framfor meg, seier Stian Fredheim til TV 2. Han kjem ut fallet med smerter i hofta og skuldra. Jonathan Milan blei nok ein gong sterkast, og var fyrst over målstreken etter ein høgdramatisk avslutning. Etappen som gjekk frå Bollène til Valence, var mogleg den aller siste sjansen for spurtarane i rittet – etter endringane på sluttetappen i Paris. Trass i tysdagens kollaps, fullførte Tobias Halland Johannessen etappen. Det er ingen endringar i topp 10 i samandraget – Johannessen held seg på ein 8. plass.

Ord sky bassert på artikkel: 1032453
Sigeren - Abrahamsen - kilometer - spurthåp - etappen - Quentin - Mathieu - Burgaudeau - Vincenzo - Albanese - ryttaren - hovudfeltet - sjølvsagt - vanskeleg - målgang - Fredheim - etappesiger - sykkelkommentator - Kristian - Stoltenberg - framfor - smerter - skuldra - Jonathan - sterkast - målstreken - høgdramatisk - avslutning - Etappen - Bollène - Valence - sjansen - spurtarane - endringane - sluttetappen - tysdagens - kollaps - fullførte - Halland - Johannessen - endringar - samandraget -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »