Sport

    Bach står på sitt: - Ingen avlysing
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, March 20, 2020 KL:08:05)
    IOC-president Thomas Bach står framleis knallhardt på at avlysing av OL ikkje er noko tema. – Sjølvsagt diskuterer vi ulike scenario, men avlysing er ikkje på agendaen, seier han i eit større intervju med New York Times. – Det som gjer denne krisa unik, er uvissa. Ingen kan seie kva stoda er om ein eller to månader, for ikkje å snakke om over fire, seier Bach. OL i Tokyo skal etter planen opne 24. juli, og i natt kom OL-elden til Japan. Bach legg til at avgjerda kjem ikkje til å bli teken på bakgrunn av økonomi. – Vi kjem til å ta omsyn til helserisikoen først og fremst, seier Bach. IOC har dei siste dagane fått aukande kritikk for å oppfordre utøvarar til å førebu seg "som vanleg" til OL.

Ord sky bassert på artikkel: 517663
avlysing - president - framleis - knallhardt - Sjølvsagt - diskuterer - scenario - agendaen - intervju - månader - avgjerda - bakgrunn - økonomi - helserisikoen - aukande - kritikk - oppfordre - utøvarar - vanleg" -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »