Sport

    Motivert av Federers avskjedskamp
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, September 29, 2022 KL:06:48)
    Casper Ruud (23) kjenner seg heldig som fekk ta del i Roger Federers farvel som tennisproff. Opplevinga i Laver Cup vil han bruke som motivasjon. Sist veke var Snarøya-mannen på Europa-laget med ikon som Federer, Rafael Nadal og Novak Djokovic. Frå indre bane fekk han sjå ei legende ta farvel. Federer runda av karrieren i eit doubleoppgjer med erkerival Nadal som makker. – Det var helt utruleg å sjå to saman i Rogers siste kamp. For meg var det veldig gøy å vere rundt dei. Dei vitsa med kvarandre hele tida, seier Ruud. – Dei er eldre og i ei seinare fase av idrettslivet. Då er det inspirerande å sjå motivasjonen som held dei gåande. Eg var heldig og stolt av å få vere ein del av laget. Eg lærte mykje og tok med meg mykje av gleda frå opplevinga, legger han til. Ruud spelar denne veka i ei turnering i Sør-Korea, der han møter chilenske Nicolas Jarry i dag. Kampen er planlagt å starte klokka 12.00.

Ord sky bassert på artikkel: 769670
Motivert - Federers - avskjedskamp - kjenner - tennisproff - Opplevinga - motivasjon - Snarøya - Djokovic - legende - karrieren - doubleoppgjer - erkerival - utruleg - kvarandre - seinare - idrettslivet - inspirerande - motivasjonen - opplevinga - turnering - chilenske - Nicolas - planlagt -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »