Sport

    Krev unnskyldning etter «dritsekk-stempel»
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 11, 2022 KL:14:59)
    Tre spanske klubber krev unnskyldning etter at fleire WhatsApp-meldingar frå den spanske fotballpresidenten Luis Rubiales har leke ut. «Dei laga eg liker dårlegast, er i denne rekkefølgja: Villarreal, Sevilla og Valencia», skal Rubiales ha skrive, ifølgje El Confidencial. Det har fått de tre klubbene til å gå saman mot fotballpresidenten. I ei felles pressemelding ber dei han om ei unnskyldning. «Meldingane, der han viser forakt, fiendskap og arroganse overfor dei tre klubbane, er uakseptable frå ein person i hans posisjon. Han må vareta interessene til alle klubbane i spansk fotball likt», står det i fråsegna frå Villarreal, Sevilla og Valencia. Meldingane til Rubiales skal ha vore sende til hans far i samanheng med ein kamp mellom Sevilla og Real Madrid i 2020. I meldingane beskriv han også Sevilla-president José Castro som «ei komplett dritsekk».

Ord sky bassert på artikkel: 773067
unnskyldning - dritsekk - stempel - spanske - klubber - WhatsApp - meldingar - fotballpresidenten - Rubiales - dårlegast - rekkefølgja - Villarreal - Sevilla - Valencia - ifølgje - Confidencial - klubbene - pressemelding - Meldingane - fiendskap - arroganse - overfor - klubbane - uakseptable - posisjon - interessene - fråsegna - samanheng - meldingane - beskriv - komplett -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »