Sport

Liten annonse
    Sløste med sjansane – opp på andreplass
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (fredag 27. desember 2024 KL:23.06)
    Martin Ødegaard og Arsenal vann 1–0 heime mot Ipswich fredag kveld. – Ingen kioskveltar av ein kamp, sa Pål André Helland i Viaplay sitt studio etter kampslutt. Kai Havertz fann nettmaskene midt i første omgang med ei avslutning frå kort hald – etter ei målgjevande pasning frå Leandro Trossard. Arsenal dominerte kampen stort sett frå start til mål, men utteljinga var ikkje spesielt god denne romjulskvelden. Ifølgje BBC hadde Arsenal 13 avslutningar, medan Ipswich noterte seg for tre. Lagkaptein Martin Ødegaard kom til fleire gode moglegheiter frå distanse, men klarte aldri å lure ballen forbi Ipswich-keeper Arijanet Muric. Ødegaard vrei seg i smertar eit par gongar etter tøffe duellar. Han kom seg på føtene igjen relativt kjapt ved begge høva. Arsenal er no nummer to i Premier League, seks poeng bak Liverpool. Ligaleiarane har éin kamp til gode.

Ord sky bassert på artikkel: 979221
sjansane - andreplass - Ødegaard - Arsenal - Ipswich - kioskveltar - Helland - Viaplay - kampslutt - Havertz - nettmaskene - avslutning - målgjevande - pasning - Leandro - Trossard - dominerte - utteljinga - spesielt - romjulskvelden - Ifølgje - avslutningar - noterte - Lagkaptein - moglegheiter - distanse - Arijanet - smertar - duellar - relativt - Premier - Liverpool - Ligaleiarane -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »