Sport

Liten annonse
    Ruud knust av rivalen
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 18. april 2025 KL:14.46)
    Holger Rune vant soleklart 6-4, 6–2 i kvartfinalen mot Casper Ruud i Barcelona. – Ruud kjem ikkje opp på sitt beste nivå. Det blir for mykje feil med forehand, seier tennisekspert i TV 2, Christer Francke. Ruud har møtt dansken sju gonger tidlegare og har berre tapt ein gong, men det fekk Rune gjort noko med på fredag. – Det betyr mykje. Eg spelte ein veldig god kamp i dag. Eg har stor respekt for Casper. Han er ein veldig god spelar, så eg er veldig fornøgd med å slå han i dag. seier Rune etter kampen. Det blei ein frykteleg start på kampen for nordmannen som er regjerande meister i grusturneringa i Barcelona. Holger Rune fekk det meste til å sitte til å begynne med og leia heile 4–0. Men Ruud vakna undervegs og klarte å bryte serven til Rune, men dårlege starten blei skjebnesvanger og Rune klarte å halde forspranget inn og serva inn 6–4 i det første settet. – Holger Rune fortener å vinne det her opningssettet, synest eg, seier tenniskommentator i TV 2, Sverre Krogh Sundbø. Tungt går det også i starten av det andre settet og Rune bryt to gonger og går opp i ein 4-1-leiing. – Han blir slått i stykkar, seier Krogh Sundbø etter at Rune vinn eit poeng og pressar Ruud.

Ord sky bassert på artikkel: 1008813
rivalen - soleklart - kvartfinalen - Barcelona - forehand - tennisekspert - Christer - Francke - dansken - tidlegare - respekt - fornøgd - frykteleg - nordmannen - regjerande - meister - grusturneringa - begynne - undervegs - dårlege - starten - skjebnesvanger - forspranget - fortener - opningssettet - tenniskommentator - stykkar - pressar -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »