Sport

    Kyrgios ikkje i Laver Cup
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 2, 2022 KL:20:22)
    Den australske tennisspelaren Nick Kyrgios har vore ein del av verdslaget i alle utgåvene av Laver Cup tidlegare. I år skal han derimot ikkje delta. Det stadfestar tennisstjerna i ein Instagram-story. Han skriv at han vil bruke meir tid med familien og kjærasten sin. Kyrgios har delteke i dei fire tidlegare utgåvene av Laver Cup sidan oppstarten i 2017. Tysdag vart det stadfesta at amerikanaren Jack Sock skal delta for verdslaget. Frå tidlegare har laget offentleggjort deltakinga til Felix Auger-Aliassime, Taylor Fritz og Diego Schwartzman. Europalaget har stadfesta at Rafael Nadal, Roger Federer, Novak Djokovic og Andy Murray vil ta del i årets turnering. Det er totalt seks spelarar som representerer kvart lag. Årets turnering skal haldast i London.

Ord sky bassert på artikkel: 760296
Kyrgios - australske - tennisspelaren - verdslaget - utgåvene - tidlegare - derimot - stadfestar - tennisstjerna - Instagram - familien - kjærasten - delteke - oppstarten - amerikanaren - offentleggjort - deltakinga - Aliassime - Schwartzman - Europalaget - Federer - Djokovic - turnering - spelarar - representerer - haldast -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »