Sport

    To Zucca mål i Minnesotas første siger
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, October 21, 2022 KL:06:41)
    Mats Zuccarello opna scoringsballet då Minnesota Wild vann 4–3 heime over Vancouver Canucks. Nordmannen sette også inn det nest siste målet. Nordmannen var perfekt plassert ved Canucks-målet då pucken blei spilt inn frå vantet fire og eit halvt minutt ut i kampen, og han sette effektivt inn 1–0. I tredje periode på stillinga 2–3 fekk Zuccarello igjen nettkjenning knapt halvvegs ut i perioden. Igjen sto han heilt riktig plassert – rett ved sida av Canucks-keeper Thatcher Demko – så då pasninga frå Kirill Kaprizov kom, kunne nordmannen vippe pucken over Demkos leggbeskyttar.og inn. Kampen gjekk til overtid, og til slutt var det Kaprizov som sørgde for Wild-seier 4–3, med målgjevande frå Zuccarello. Nordmannen fekk nesten 23 minutt på isen på det som må seiast å ha vore ein god dag på jobben i Wilds første siger for sesongen.

Ord sky bassert på artikkel: 775670
Minnesotas - Zuccarello - scoringsballet - Vancouver - Canucks - Nordmannen - perfekt - plassert - effektivt - periode - stillinga - nettkjenning - halvvegs - perioden - Thatcher - pasninga - Kaprizov - nordmannen - leggbeskyttar - overtid - målgjevande - sesongen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »