Sport

    PSV blir nekta billettsal til bortekampen mot Glimt
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 27, 2022 KL:14:05)
    Det europeiske fotballforbundet (Uefa) straffar PSV Eindhoven ved å forby klubben å selje billettar til deira neste bortekamp i Europaligaen. Den blir spelt mot Bodø/Glimt på Aspmyra neste veke. Straffa kjem som følgje av supporterbråket i PSVs bortemøtet med Arsenal førre torsdag. Nederlendarane blir også bøtelagde med 40.000 euro, som svarer til 413.000 kroner. Uefa grunngir bota med at PSV-tilhengjarar skal ha kasta gjenstandar, skapt forstyrringar i folkemengder og gjort øydeleggjande handlingar på stadion. Dei er også bedne om å kontakte Arsenal innan 30 dagar for å gjere opp for skadane som vart forårsaka. Nyheita frå Uefa kom nokre timar før laga møtest i Nederland. PSV speler mot Glimt på Aspmyra i siste puljekamp 3. november. (©NTB)

Ord sky bassert på artikkel: 777439
billettsal - bortekampen - europeiske - fotballforbundet - straffar - Eindhoven - klubben - billettar - Europaligaen - Aspmyra - Straffa - supporterbråket - bortemøtet - Arsenal - torsdag - Nederlendarane - bøtelagde - grunngir - tilhengjarar - gjenstandar - forstyrringar - folkemengder - øydeleggjande - handlingar - stadion - kontakte - skadane - forårsaka - Nyheita - Nederland - puljekamp - november -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »