Sport

    Skiskyttar-opninga må flyttast til Lillehammer
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 1, 2022 KL:15:06)
    På grunn av mildvêret skal sesongopninga i skiskyting på Sjusjøen flyttast til Lillehammer, melder Noregs Skiskytterforbund. Utfordringar med snøproduksjon gjer det nødvendig å flytte arrangementet. – Ved å flytte, kan vi gjennomføre ein sesongstart med lengre løyper og betre snøforhold enn det som hadde vore mogeleg på Sjusjøen. Det er ikkje ideelt, men når situasjonen er som han er, er dette eit godt alternativ med arrangement på Lillehammer i 2,5 km løype, fortel arrangementskonsulent i Norges Skiskytterforbund, Christian Gedde-Dahl. Arrangøren på Sjusjøen var lenge optimistiske med tanke på snømengde og -produksjonsforhold. Vermeldinga i neste langtidsperiode innbyr ikkje til at snøkanonane kan starte opp på Sjusjøen Arena Natrudstilen. Måndag blei det klart at det ikkje lar seg gjennomføre på ein tilfredsstillande måte. Løysinga blei å samkøyre med Noregs Skiforbund, som skal halde verdscup i nordiske greiner på Lillehammer i starten av desember.

Ord sky bassert på artikkel: 778765
Skiskyttar - opninga - flyttast - Lillehammer - mildvêret - sesongopninga - skiskyting - Sjusjøen - Skiskytterforbund - Utfordringar - snøproduksjon - nødvendig - arrangementet - gjennomføre - sesongstart - snøforhold - mogeleg - situasjonen - alternativ - arrangementskonsulent - Christian - Arrangøren - optimistiske - snømengde - produksjonsforhold - Vermeldinga - langtidsperiode - snøkanonane - Natrudstilen - tilfredsstillande - Løysinga - samkøyre - Skiforbund - verdscup - nordiske - greiner - starten - desember -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »