Sport

    To av tre danske spelarar har fått hatmeldingar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, November 9, 2022 KL:10:32)
    To av tre spelarar i den danske toppdivisjonen for menn svarer at dei har mottatt hatmeldingar som ei følgje av yrket dei utøvar. Over 250 spelarar i det danske seriesystemet har deltatt i ei undersøking spelarforeininga har gjennomført. Totalt svarar 44 prosent at dei har mottatt det dei opplever som hatmeldingar som profesjonelle fotballspelarar. Dei mannlege spelarane i Superligaen skil seg markant ut. Der svarar 65 prosent at dei har mottatt svært ubehagelege meldingar, medan høvesvis 36 og 12 prosent i dei lågare divisjonane har opplevd det. I kvinnenes toppdivisjon har 5 prosent svart at dei har mottatt hatmeldingar. – Dersom du spelar i Superligaen, er risikoen stor for å ta imot hatmeldingar. For oss indikerer det at det er ein samanheng mellom eksponering og uønskte meldingar, skriv spelarforeininga i ei kommentar til undersøkinga.

Ord sky bassert på artikkel: 780957
spelarar - hatmeldingar - toppdivisjonen - mottatt - seriesystemet - deltatt - undersøking - spelarforeininga - gjennomført - prosent - opplever - profesjonelle - fotballspelarar - mannlege - spelarane - Superligaen - markant - ubehagelege - høvesvis - divisjonane - opplevd - kvinnenes - risikoen - indikerer - samanheng - eksponering - uønskte - kommentar - undersøkinga -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »