Sport

Liten annonse
    Norsk bordtennisbragd: – Sjukt deilig
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 5. mai 2023 KL:21.32)
    Det norske herrelaget i bordtennis kvalifiserte seg til lag-EM i dag. Det er fyrste gong eit norsk lag har klart å kvalifisere seg til eit europameisterskap for funksjonsfriske. – Det er sjukt deilig. Vi reiste hit med eit håp om å klare det, og sjølvsagt skulle vi gje alt for å kvalifisere oss. Då kjennes det veldig bra, seier Borgar Haug til NRK. Med seg på det norske laget har 20-åringen Khai Noah Lam (16), Martin Frøseth (16) og Alexander Klerck Fransson (20). – Vi er eit ungt lag som har gjort ein god jobb. Det har gjort at me har kvalifisert oss, sier Haug. – Det er tøft og artig, seier Frøseth. Under dagens kvalifisering slo dei fyrst Irland 3-1. Då Spania venta i andre gruppespelskamp vart det nervepirrande. På stillinga 2-2 avgjorde 20 år gamle Klerck Fransson og sørga for norsk jubel. – Det var dagens prestasjon. "Alex" gjorde ein skikkeleg god jobb, seier Haug om lagkameraten. I morgon ventar Hellas i gruppespelet. Vinnaren av den kampen tek fyrsteplassen, men også dei har allereie sikra EM-billetten. Meisterskapet vert arrangert i Malmø i midten av september dette året.

Ord sky bassert på artikkel: 829824
bordtennisbragd - herrelaget - kvalifiserte - kvalifisere - europameisterskap - funksjonsfriske - sjølvsagt - kjennes - åringen - Frøseth - Alexander - Fransson - kvalifisering - gruppespelskamp - nervepirrande - stillinga - avgjorde - prestasjon - skikkeleg - lagkameraten - gruppespelet - Vinnaren - fyrsteplassen - allereie - billetten - Meisterskapet - arrangert - september -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »