Sport

    Kryptisk Zlatan-melding
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 5, 2022 KL:08:43)
    Eit instagraminnlegg med Zlatan Ibrahimovic (41) og Silvio Berlusconi (86) har sett i gang rykte om kvar den svenske målmaskinens skal spele i framtida. – Historia kan ikkje viskast ut ... og framtida er ikkje skriven, skriv Ibrahimovic på Instagram. – Kva gjer Ibra med meg? Framhald følgjer, skriv den tidlegare italienske statsministeren. Det er ikkje kome noko stadfesting av kva dei har på gang saman, men svenske Aftonbladet spekulerer i om det kan ha noko med kvar måltjuven skal spele i framtida. Berlusconi er nemleg eigar av den nyopprykka Serie A-klubben Monza. Italienaren har tidlegare vore statsminister i Italia i tre periodar (april til desember 1994, 2001–2006 og 2008-2011). Han eigde også AC Milan mellom 1986 og 2017. Ibrahimovic er framleis Milan-spelar, og trenar seg for tida opp etter ein kneoperasjon i sommar.

Ord sky bassert på artikkel: 771346
Kryptisk - melding - instagraminnlegg - Ibrahimovic - Berlusconi - svenske - målmaskinens - framtida - Historia - viskast - skriven - Instagram - Framhald - følgjer - tidlegare - italienske - statsministeren - stadfesting - Aftonbladet - spekulerer - måltjuven - nyopprykka - klubben - Italienaren - periodar - desember - 2001–2006 - framleis - kneoperasjon -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »