Sport

    Ruud avsluttar året som nummer tre i verda
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, November 21, 2022 KL:07:57)
    Noregs tennisstjerne Casper Ruud går opp éin plass på verdsrankinga etter å ha komme til finalen i ATP-sluttspelet. I den siste oppdateringa av rankinga i sesongen har Ruud gått opp til 3.-plass og bytt plass med Stefanos Tsitsipas (4). Novak Djokovic, som vann komfortabelt mot Ruud i ATP-finalen søndag, endar året på 5.-plass. Det er dobbelt spansk på toppen med Carlos Alcaraz framfor Rafael Nadal. 19 år gamle Alcaraz vart med det den yngste spelaren til å avslutte sesongen på toppen av rankinga. Finalen søndag var den fjerde store for Ruud i 2022. Han kan sjå tilbake på to Grand Slam-finalar (Paris og New York), og dessutan finalen i Masters-turneringa i Miami. ATP-sluttspelet var ein stor opptur for nordmannen, som trøbla ein god del etter US Open-finalen mot Alcaraz i september. – Det er skuffande å ende opp med å tape desse store finalane. Men alt i alt, viss du gav meg eit tilbod om å ende året som nummer tre 1. januar i år, og å spele dei finalane eg har spelt, hadde eg antakeleg skrive kontrakten med ein gong. Ingen tvil om det, sa Ruud etter tapet søndag.

Ord sky bassert på artikkel: 784303
avsluttar - tennisstjerne - verdsrankinga - finalen - sluttspelet - oppdateringa - sesongen - Stefanos - Tsitsipas - Djokovic - komfortabelt - dobbelt - Alcaraz - framfor - spelaren - avslutte - Finalen - tilbake - finalar - dessutan - Masters - turneringa - nordmannen - september - skuffande - finalane - antakeleg - kontrakten -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »