Sport

Liten annonse
    Hundredelsdrama for Braathen – 0,02 sekund frå siger
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 11. januar 2025 KL:14.22)
    Lucas Braathen tok ein sterk andreplass i slalåmen i sveitsiske Adelboden laurdag – like framfor Henrik Kristoffersen. Kristoffersen hadde vunne i bakken to gonger tidlegare og gjennomførte ein solid andreomgang. – Den der skal bli vanskeleg å matche, sa Viaplay-kommentator Kjetil André Aamodt. Men ein nordmann i eksil klarte altså å tukte Kristoffersen. Lucas Braathen, som no representerer Brasil, slo Kristoffersen med 12 hundredelar. Kristoffersen var likevel nøgd med rennet. – Det var tøft og vanskeleg i dag, så eg er happy. Pallen er pallen. Det var ein veldig bra dag, sa Kristoffersen til Viaplay. Rennet vart vunne Noël Clément, berre to hundredelar framfor Lucas Braathen. Clément låg på andreplass etter første omgang. Manuel Feller, som leia etter første omgang, køyrde ut. Etter første omgang låg Haugan, Kristoffersen og Braaten på høvesvis fjerde-, femte- og sjetteplass. Timon Haugan fekk det ikkje til i 2. omgang og vart nummer 13. Atle Lie McGrath køyrde ut i første omgang, slik han også gjorde i 2. omgang i Madonna di Campiglio onsdag denne veka.

Ord sky bassert på artikkel: 982220
Hundredelsdrama - Braathen - andreplass - slalåmen - sveitsiske - Adelboden - laurdag - framfor - Kristoffersen - tidlegare - gjennomførte - andreomgang - vanskeleg - Viaplay - kommentator - nordmann - representerer - hundredelar - likevel - Clément - Braaten - høvesvis - sjetteplass - McGrath - Madonna - Campiglio -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »