De mest populære artiklene:   |   Idag - Igår - Siste 7 dagene - 2021 - 2020 - 2019 - Alle
Meir koronatrøbbel for Bayern

Kilde: NRK - Sport | Publisert: 25.11.2021 09.49.19 | Flere nyheter fra NRK - Sport
Direktelink: https://www.nrk.no/sport/meir-koronatrobbel-for-bayern-1.15744690

Bayern München-profilen og landslagskaptein Joshua Kimmich vart for ein månad sidan innstendig oppmoda av leiande politikarar om å ta koronavaksine. No har han smitta. Det stadfestar Bayern i ei fråsegn. Kimmich er isolert i eigen heim og skal ha det bra. 26-åringen er den siste av fleire Bayern-spelarar som har testa positivt den siste tida. Han bles liv i vaksinedebatten i tysk fotball då han for nokre veker sidan avslørte at han ikkje er verna mot korona. Kimmich sa at det var på grunn av «personlege bekymringar». Han vart raskt kritisert av medisinske ekspertar for ikkje å vere klar over sitt ansvar som rollemodell. Innanriksminister Horst Seehofer i Angela Merkels avtroppande regjering bad Kimmich om å tenkje seg om. – Du er ein personlegdom med eksemplarisk åtferd. Dersom du tek vaksinen, vil andre si «då gjer eg det også». Vaksinasjon er det fremste våpenet vårt mot pandemien, sa han til Bild i slutten av oktober.



Søkeord relatert til artikkelen:
Meir - koronatrøbbel - Bayern - München - profilen - landslagskaptein - Joshua - Kimmich - vart - månad - sidan - innstendig - oppmoda - leiande - politikarar - koronavaksine - smitta - stadfestar - fråsegn - isolert - eigen - heim - skal - åringen - siste - fleire - spelarar - testa - positivt - tida - bles - vaksinedebatten - tysk - fotball - nokre - veker - avslørte - ikkje - verna - grunn - personlege - bekymringar - raskt - kritisert - medisinske - ekspertar - vere - klar - over - sitt - ansvar - rollemodell - Innanriksminister - Horst - Seehofer - Angela - Merkels - avtroppande - regjering - tenkje - personlegdom - eksemplarisk - åtferd - Dersom - vaksinen - andre - også - Vaksinasjon - fremste - våpenet - vårt - pandemien - Bild - slutten - oktober -

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »