Sport

    Wilshere likevel ikkje til Danmark
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, February 21, 2022 KL:14:18)
    AaB takka nei då klubben vart tilboden å hente den tidlegare Arsenal-stjerna Jack Wilshere, seier sportssjef Inge André Olsen. Søndag vart Wilshere presentert som ny storsignering i AGF, der Stig Inge Bjørnebye er sportssjef. Den mangeårige Premier League-profilen kunne likevel ha enda opp hos ein superligakonkurrent, skriv Jyllands-Posten. – Wilshere er ein spelar vi vart tilboden for to månader sidan. Vi fekk det presentert som ei moglegheit frå ein av dei gode kontaktane våre, men vi valde ikkje å gå vidare med det. Derfor var det ikkje ei stor overrasking at han var ute etter å finne seg ein ny klubb, seier Olsen, tidlegare sportssjef i Stabæk. – Han (Wilshere) passa ikkje inn i planane våre, fordi vi ønskte å slanke troppen og verne kontinuiteten i dette overgangsvindauget. Vi vil prioritere å skape plass for våre eigne talent, seier Olsen. Wilshere har vore klubblaus sidan han forlét Bournemouth sist sommar. Snart er han klar for spel i den danske superligaen.

Ord sky bassert på artikkel: 718376
Wilshere - likevel - Danmark - klubben - tilboden - tidlegare - Arsenal - stjerna - sportssjef - presentert - storsignering - Bjørnebye - mangeårige - Premier - profilen - superligakonkurrent - Jyllands - månader - moglegheit - kontaktane - overrasking - (Wilshere) - planane - troppen - kontinuiteten - overgangsvindauget - prioritere - klubblaus - Bournemouth - superligaen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »