Sport

    UEFA-presidenten forsvarar å ha med Belarus
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 12, 2022 KL:10:53)
    Uefa-president Aleksander Ceferin har lita forståing for dei som meiner at Belarus burde vore stengd ute frå trekkinga av EM-kvalifiseringa søndag. Russland vart kasta ut som følgje av krigshandlingane i Ukraina. I etterkant rapporterte den tyske avisa Der Spiegel at innanriksministeren i landet, Nancy Faeser, hadde skrive til Det europeiske fotballforbundet (Uefa) og bede om ei forklaring på at Belarus ikkje leid same lagnad. I eit intervju med Sport Bild onsdag forklarer Uefa-presidenten kva vurderingar som låg bak. – Det er litt populistisk å seie «kast dei ut alle saman». Akkurat no ser vi ingen grunn til å gjere det, seier Ceferin. – Dersom noko endrar seg, kjem vi til å reagere. Politikarar bør respektere retten vår til å ta avgjerder. Vi fortel ikkje politikarane kva dei skal gjere, legg han til. Belarus kan delta i Uefa-turneringar, men må spele heimekampar utanfor eige lands grenser og utan tilskodarar. Belarus hamna i gruppe med Andorra, Israel, Kosovo, Romania og Sveits i trekkinga av kvalifiseringsgruppene til fotball-EM i 2024 søndag.

Ord sky bassert på artikkel: 773283
presidenten - forsvarar - Belarus - Aleksander - Ceferin - forståing - trekkinga - kvalifiseringa - Russland - krigshandlingane - Ukraina - etterkant - rapporterte - Spiegel - innanriksministeren - europeiske - fotballforbundet - forklaring - intervju - forklarer - vurderingar - populistisk - Akkurat - reagere - Politikarar - respektere - avgjerder - politikarane - turneringar - heimekampar - utanfor - grenser - tilskodarar - Andorra - Romania - kvalifiseringsgruppene -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »