Sport

    Unik vinnarmentalitet bygd opp gjennom generasjonar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 9, 2022 KL:12:48)
    Bayern München har ikkje berre den beste troppen nokosinne, men klubben har også ein heilt unik vinnarmentalitet som er bygd opp gjennom generasjonar, spesielt tidlegare spelarar som har leia klubben i 40 år, seier Phillip Lahm i eit større intervju med Kicker. Han var spela sjølv på Bayern i 15 sesongar, og er imponert over dagens lag. Sjølv etter at Robert Lewandowski var selt, har Bayern scora 11 mål til saman i supercupen og seriestarten. - I dag er det Thomas Müller og Manuel Neuer som først og fremst fører desse verdiane vidare, seier han. Lahm saknar dette elementet hos dei fleste konkurrentane. - Berre Borussia Dortmund har noko av den same nedarva vinnarmentaliteten, seier Lahm, som håpar på jamnare tittelkamp enn sist. Lahm er organisasjonsleiar for EM i Tyskland i 2024, og svært kritisk til at årets VM skal gå i Qatar. Sjølv skal han ikkje dit. - Menneskerettane bør spele ei stor rolle i tildelinga av meisterskap. Når eit land som er blant dei dårlegaste der, tek du til å tenke på kriteria som blei brukt. Det bør ikkje skje igjen i framtida, seier Lahm.

Ord sky bassert på artikkel: 761908
vinnarmentalitet - gjennom - generasjonar - München - troppen - nokosinne - klubben - spesielt - tidlegare - spelarar - Phillip - intervju - sesongar - imponert - Lewandowski - supercupen - seriestarten - verdiane - elementet - konkurrentane - Borussia - Dortmund - nedarva - vinnarmentaliteten - jamnare - tittelkamp - organisasjonsleiar - Tyskland - kritisk - Menneskerettane - tildelinga - meisterskap - dårlegaste - kriteria - framtida -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »