Sport

    Ingebrigtsen kan bli årets friidrettsutøvar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 13, 2022 KL:13:01)
    Det internasjonale friidrettsforbundet har nominert Jakob Ingebrigtsen til prisen som årets utøvar i verda for 2022. Lista over kandidatar blei presentert torsdag. Dei nominerte er plukka ut av eit internasjonalt panel av friidrettsekspertar. Det inkluderer representantar frå alle dei seks kontinentale forbundne i friidretten. VM i amerikanske Eugene var det store høgdepunktet i internasjonal friidrett i 2022. VM-gull på 5000 meter, VM-sølv på 1500 meter (både innandørs og utandørs) samt EM-gull på begge distansar blei utbytet for Jakob Ingebrigtsen i det som blei eit strålande år for Lura-guten. Han vann også Diamond League-serien på 1500 meter. I finalen i Zürich sette han årsbeste i verda på distansen med 3.29,02. Ein tøff utfordrar til Ingebrigtsen blir også det svenske stavfenomenet Mondo Duplantis. Han vann VM-gull både innandørs og utandørs denne sesongen, i tillegg til at han tok EM-gull. Tre verdsrekordar har det også blitt. Den siste lydde på formidable 6,21. Vinnaren blir kåra i desember

Ord sky bassert på artikkel: 773606
Ingebrigtsen - friidrettsutøvar - internasjonale - friidrettsforbundet - nominert - kandidatar - presentert - torsdag - nominerte - internasjonalt - friidrettsekspertar - inkluderer - representantar - kontinentale - forbundne - friidretten - amerikanske - høgdepunktet - innandørs - utandørs) - distansar - utbytet - strålande - Diamond - finalen - årsbeste - distansen - utfordrar - svenske - stavfenomenet - Duplantis - sesongen - tillegg - verdsrekordar - formidable - Vinnaren - desember -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »