Sport

    Sterk kostnadsvekst i norsk fotball
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, September 30, 2022 KL:10:36)
    Inntektene til Eliteserien og 1. divisjon for menn auka markant det siste året, men eit enda større hopp i kostnader drar ned resultatet. Det viser halvårsrapporteringa frå Norges Fotballforbund. Samla hadde dei to øvste herredivisjonane inntekter på snautt 930 millionar kroner mellom juni 2021 og juni 2022. Auken var på 117 millionar kroner. I same periode spratt kostnadsnivået opp frå vel 900 millionar til 1,13 milliardar kroner. Det bidrar til eit negativt halvårsresultat på 71,3 millioner. – Sjølv om det er klart at det kjem ein auke i inntekter frå sal av medierettane i 2023, må klubbane halde fram med å setje tæring etter næring. Det at ein no ser ein auke i spesielt personalkostnader, er ein naturleg konsekvens av auka satsing på personalkompetanse, seier fotballpresident Lise Klaveness. Inntektene i Toppserien for kvinner gjekk det siste året frå 97,8 til 116,6 millionar kroner. Driftsresultatet gav et overskot på 1,4 millionar, medan halvårsresultatet stoppa på 6,5 millionar i minus. Rekneskapstala til norsk toppfotball etter første halvår er godt over siste normalår (2019) før koronapandemien. Ifølge NFF viser prognosane at herreklubbane styrer mot eit akkumulert overskot for 2022. Fire klubber i Eliteserien er i såkalla raud sone. Det vil si at dei er pålagt ein handlingsplan for å betre sin økonomisk situasjon. Kristiansund var i kategorien også i desember i fjor, medan Odd, Strømsgodset og Tromsø har komne til sidan. Jerv, Rosenborg, Sandefjord, Vålerenga og Aalesund er i gul sone. På nivå to er framleis opprykksklare Brann raudfarga i NFFs oversikt. Det er bergensarane åleine om i 1. divisjon. Tre klubbar frå Toppserien er i raud sone: Brann, Rosenborg og LSK Kvinner.

Ord sky bassert på artikkel: 770093
kostnadsvekst - fotball - Inntektene - Eliteserien - divisjon - markant - kostnader - resultatet - halvårsrapporteringa - Fotballforbund - herredivisjonane - inntekter - millionar - periode - kostnadsnivået - milliardar - negativt - halvårsresultat - millioner - medierettane - klubbane - spesielt - personalkostnader - naturleg - konsekvens - satsing - personalkompetanse - fotballpresident - Klaveness - Toppserien - kvinner - Driftsresultatet - overskot - halvårsresultatet - Rekneskapstala - toppfotball - normalår - koronapandemien - prognosane - herreklubbane - akkumulert - klubber - såkalla - handlingsplan - økonomisk - situasjon - Kristiansund - kategorien - desember - Strømsgodset - Rosenborg - Sandefjord - Vålerenga - Aalesund - framleis - opprykksklare - raudfarga - oversikt - bergensarane - klubbar - Kvinner -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »